Opna hovudmenyen

Dammam storbyområde eller Stor-Dammam er eit storbyområde kring byen Dammam og forstadane. Området er nært knytt til byen både sosialt, økonomisk og kulturelt. Han er det største storbyområdet i Austprovinsen i Saudi-Arabia og består av tre nabobyar: Dammam, Dhahran og Khobar. Desse tre vert stundom kalla trippelbyane. Storbyområdet har eit folketal på kring 4,1 millionar innbyggjarar (2012). Stor-Dammam omfattar òg mindre byar som Al Qatif, Safwa og Ras Tanura. Staden er kjend for fiske og perledykking, oljeindustri, kunst, underhaldning, popmusikk og idrett. Området har eit variert landskap med parkar og strender langs Persiabukta. Stor-Dammam vert tent av King Fahd internasjonale lufthamn (KFIA), den største flyplassen i verda etter areal (kring 780 km²), kring 20 km nordvest for Dammam. King Abdul Aziz-hamna er den største ved Persiabukta og den nest største i landet etter Jidda.

Dammam storbyområde
storbyområde
Land Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia
Koordinatar 26°17′N 50°12′E
Saudi Arabia location map.svg
Locator Red.svg

Saudi Aramco, det største oljeselskapet i verda, har base i Stor-Dammam då dei første oljefelta i landet vart oppdaga her.

Før det vart oppdaga olje, var området kjend som ei viktig hamn og fiskeområde.

KlimaEndra

Dammam
Klimadiagram (forklaring)
JFMAMJJASOND
 
 
22
 
21
10
 
 
6.9
 
24
11
 
 
5.1
 
29
15
 
 
13
 
34
20
 
 
3.3
 
41
25
 
 
0
 
44
28
 
 
0
 
45
29
 
 
0
 
45
29
 
 
0.4
 
42
25
 
 
0.1
 
37
21
 
 
18
 
29
16
 
 
21
 
23
11
Normal maks. og min. temperatur i °C
Total nedbør i mm
Kjelde: World Meteorological Organization (2001-2010)[1]

KjelderEndra

  1. «World Weather Information Service - Dammam». World Meteorological Organization. Henta 22. februar 2014.