Ras Tanura
Ras Tanura (eller Ra's Tannūrah, arabisk: رأس تنورة tyder «nes-omnen») er ein by i Austprovinsen i Saudi-Arabia på ei halvøy som strekkjer seg ut i Persiabukta. Namnet Ras Tanura vert nytta både om eit inngjerda bustadområde for tilsette i Saudi Aramco (òg kalla «Najmah») og til eit industriområde lenger ut på halvøya som tener som ei stor oljehamn og oljeoperasjonssenter for Saudi Aramco, det største oljeselskapet i verda. I dag har bustadområda kring 3 200 innbyggjarar, inkludert nokre få amerikanarar og britar.
Ras Tanura | |||
arabisk رأس تنورة | |||
by | |||
Tarutbukta, sett frå Den internasjonale romstasjonen; Ras Tanura ligg på nordsida av bukta
| |||
Land | Saudi-Arabia | ||
---|---|---|---|
Provins | Austprovinsen | ||
Koordinatar | 26°39′N 50°10′E / 26.650°N 50.167°E | ||
Folketal | 73 933 (2009) | ||
Borgarmeister | Faihan bin Jarwan bin Gaweed | ||
Postnummer | 31941 | ||
Retningsnummer | +966-13 | ||
Ras Tanura 26°42′27″N 50°03′47″E / 26.707421°N 50.063178°E | |||
Kart som viser Ras Tanura.
| |||
Wikimedia Commons: Ras Tanura |
Geografisk ligg Ras Tanura-komplekset litt sør for den moderne industrihamnebyen Jubail og nord for den gamle hamnebyen Dammam. Sjølv om hamneområdet til Ras Tanuraligg på ei lita halvøy, har Saudi Aramco bygd fleire kunstige øyar fordi dei moderne oljetankarane treng djupare vatn. I tillegg er det bygd produksjonsanlegg for oljeriggar i nærleiken, hovudsakleg av Saudi Aramco, Schlumberger og Halliburton.
Najmah var eit av fire bustadområde som vart bygde av ARAMCO i 1940-åra og det einaste som ligg ved kysten av Persiabukta. Ras Tanura-raffineriet er omgjeve av eit tungt vakta tryggleiksgjerde.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ras Tanura» frå Wikipedia på engelsk, den 22. desember 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: