Opna hovudmenyen

Al Khobar (òg skrive Khobar eller al-Khubar; arabisk الخبر) er ein stor by i Austprovinsen i Saudi-Arabia ved kysten av Persiabukta. Han er ein av dei største byane i Golfrådet, med eit folketal på 941 358 i 2012. Al Khobar er ein del av Dammam storbyområdet i lag med Dammam og Dhahran, og i lag dannar dei det tredje største storbyområdet i Saudi-Arabia med eit estimert folketal på over 4 100 000 i 2012. Stor-Dammam omfattar òg fleire mindre byar som Al Qatif, Safwa og Ras Tanura, som medverkar til eit samla folketal på 5 212 000 i 2012. Alle dei tre bysentera vert tente av King Fahd internasjonale lufthamn, som er den største flyplassen i verda. Avstanden til flyplassterminalen frå Khobar er kring 50 km. I lag vert Al Khobar, Dhahran og Dammam ofte kalla «Trippelbyane» av saudiarabarane. Sidan Dammam, Dhahran og Al Khobar ligg mindre enn 15 km frå kvarandre, dannar dei i røynda eit samanhengande storbyområde, som er det femte største i kongedømet og det sjette i Golfrådet-landa.

Al-Khobar
by
Masjid in Al Khobar Corniche അൽ കോബാർ കോർണിഷിലെ പള്ളി.JPG
Land Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia
Provins Austprovinsen
Koordinatar 26°17′N 50°12′E
Folketal 941 358 (2012)
 - by 4 140 000
Grunnlagd 1940-åra
Borgarmeister Sulaiman Althunayyan
Borgarmeister Saud bin Nayef AL Saud
Postnummer (31952)
Retningsnummer +966-13
Saudi Arabia location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Khobar
Nettstad: e-amana.gov.sa

Dammam storbyområde, eller ofte berre Stor-Dammam, er storbyområdet kring byen Dammam og forstadane. Dette området er nært knytt til byen gjennom samfunnsmessige, økonomiske og kulturelle band. Dammam storbyområde er det største storbyområdet i Austprovinsen. Området omfattar eit variert landskap, parkar og strender langs Persiabukta.

Mange av innbyggjarane i Al Khobar arbeider for Saudi Aramco, det største oljeselskapet i verda, og Al Khobar mange regionale og internasjonale selskap har kontor i byen. Tradisjonelt har Khobar vore ein by med kjøpmenn og handelsfolk, og byen har i dag mange moderne kjøpesenter og bulevardar med butikkar drivne av internasjonale kjeder og restaurantar.

Al Khobar er i dag eit travelt, økonomisk senter med mange skyskraparar. Den nærliggande byen Dammam har den nest største hamna i Saudi-Arabia og har dei administrative organa i Austprovinsen.

HistorieEndra

I tidlege tider var Khobar ein liten hamneby ved kysten av Persiabukta, ein fiskelandsby som hovudsakleg var busett av folk frå Al Dossary-stamma. Då det vart oppdaga olje i 1930-åra, vart han omgjort til eit stort kommersielt senter og ei industrihamn. I moderne tider har den større hamna i Dammam teke over det meste av den kommersielle skipsaktiviteten i Austprovinsen, og olje vert eksportert via hamna til Saudi Aramco i Ras Tanura. Khobar er derfor omgjort og strekkjer seg langs sjøsida ved Persiabukta med parkar, restaurantar og familiestrender.

I 1996 vart Khobar Towers, eit bustadkompleks for US Air Force bomba av militante, og 19 amerikanske tenestemenn og ein saudiarabar mista livet.

SamferdsleEndra

FlyplassEndra

Khobar vert tent av King Fahd internasjonale lufthamn nordvest for Dammam. Køyreavstanden frå terminalen til Khobar er 58 km.

InfrastrukturEndra

Al Khobar er knytt til dei store motorvegane i regionen, som Dhahran-Jubail-vegen. Dhahran-Dammam-vegen og Khobar-Dammam-vegen, som går mellom Khobar og Dammam. I Al-Khobar startar òg King Fahd-vegfyllinga, som knyt Saudi-Arabia til Bahrain. Al Khobar har òg eit vasstårn som er eit kjend landemerke på eit menneskeskapt halvøy ved sjøsida.

UtdanningEndra

Den første skulen i Khobar vart grunnlagd i 1942. I dag har Khobar meir enn 100 offentlege og private utdanningsinstitusjonar. Den internasjonale indiske skulen, (CBSE) er ein av dei største indiske skulane i verda, med meir enn 17 000 elevar.

DagleglivEndra

Al-Khobar er ein yrande by med mange forskjellige livsstilssenter og kjøpesenter. Byen er òg kjend for vegen som er hogd ut i fjellet (Prins Turki-gata) der det ligg fleire internasjonale og lokakle restaurantar, kafear og butikkar. Mange utlendingar arbeider i Khobar, og dei bur ofte i eigne, inneslutta område.

KlimaEndra

Khobar har ørkenklima (Köppen si klimaklassifisering: BWh),[1] med særs varme og fuktige somrar, og milde, tørre vintrar.

Årsmiddeltemperaturen er 33 °C på dagtid og 22 °C om natta. I januar, som er den kaldaste månaden, varierer temperaturen frå 12 til 22 ºC om dagen til 3 til 18 ºC om natta. I juni, som er den varmaste månaden, varierer temperaturen typisk frå 36 til 50 ºC om dagen til kring 33 ºC om natta. Generelt varer sommaren i kring seks månader, frå mai til oktober. To månader, april og november, er overgangsperiodar, og temperaturen kan stundom nå opp i 48 ºC ii denne tida. Desember, januar og februar er dei kjøligaste månadene.

Sjå ògEndra

KjelderEndra