Dan Ar Braz

fransk songar og gitarist

Dan Ar Braz, eignetleg Daniel Le Bras (fødd 15. januar 1949 Quimper i Bretagne), er ein fransk (bretonsk) gitarist og grunnleggjar av Héritage des Celtes.

Dan Ar Braz

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 15. januar 1949 (75 år)
Quimper
Yrke gitarist, songar, songar-låtskrivar
Språk fransk
Nettstad http://www.danarbraz.com
Dan Ar Braz på Commons
Dan ar Braz i Lorient

I 1967, då han deltok på eit restaurantkurs i Benodet møtte han Alan Stivell, som inviterte han med seg i gruppa si.[1] Alan Stivell og musikarane hans spelte bretonsk, skotsk og irsk musikk. Etter ein suksessrik turne i Frankrike i 1972 reiste dei kring i Europa, Nord-Amerika og Australia. Daniel Le Bras endra namn til Dan Ar Bras for å syne at han høyrte til bretonsk kultur og ikkje den franske.

I 1972 danna han si eiga gruppa kalla Mor. Etter eitt album spelte han inn eit soloalbum med irsk musikk. I 1976 flytte han til England og vart med i Fairport Convention. Han endra namn igjen, denne gongen til Dan Ar Braz. I om lag eitt år spelte han konsertar med Fairport, men spelte ikkje inn studioalbum med dei. Han reiste attende til Bretagne og spelte inn tre soloalbum på tre år, alle med keltisk musikk. Han song på fransk og engelsk.

I 1980-åra spelte han mykje akustisk musikk, og vart så med i ein bluesrocktrio. Mellom 1984 og 1987 turnerte han i USA mange gonger. Musikken hans på denne tida vart skildra som New Age.

L'Héritage des Celtes endre

Den største augneblinken til Dan Ar Braz kom i 1992 då arrangøren av Festival de Cornouaille i Quimper bad han om å skape eit show der han blanda tradisjonell musikk med moderne stilar. Dan hadde mange kontraktar i Storbritannia, Frankrike og Amerika og leverte over all forventning. Donal Lunny kom frå Irland, Karen Matheson frå Skottland, Elaine Morgan frå Wales og Bagad Kemper (sekkepiper) og Alan Stivell frå Bretagne. I alt var 75 musikarar involvert. Gruppa, kalla L'Héritage des Celtes, spelte på Quimper-festivalen i juli 1993 og så i Rennes i 1994. Eit populært album gjenskapte showet. Det selde 100 000 eksemplar i ti land. Eit konsertalbum følgde. Dei var så kjende i Frankrike at dei i 1996 representerte Frankrike i Eurovision Song Contest 1996. Dei spelte inn eit nytt album i 1997, Finisterres som igjen selde 100 000. I 1998 vann dei pris i Frankrike for beste tradisjonelle musikkalbum.

I nyare år har Dan Ar Braz gått attende til soloprosjekta sine.

Diskografi endre

  • - Stations (1974)
  • - Irish Reels, Jigs, Airs & Hornpipes (1975)
  • - Douar Nevez (1977)
  • - Allez dire à la ville (1978)
  • - The Earth's Lament (1979)
  • - Akustisk (1981)
  • - Music For the Silences To Come (1985)
  • - Septembre Bleu (1988)
  • - Songs (1990)
  • - Frontiers de sel/Borders Of Salt (1991)
  • - Les Iles de la memoire: Compilation (1992)
  • - Rêve de Siam (OST) - (1992)
  • - Xavier Grall chante par Dan Ar Bras - (1992)
  • - Theme For The Green Lands - (1994)
  • - Héritage des Celtes -(1994)
  • - Kindred Spirit - (1995)
  • - L'Heritages des Celtes - Live (1997)
  • - L'Heritages des Celtes - Finisterres (1997)
  • - L'Essential en 3 CD (1998)
  • - Septembre Bleu (2000)
  • - L'Heritages des Celtes - Zenith (2001)
  • - La Memoire Des Volets Blancs (2001)
  • - Made in Breizh (2002)
  • - Celtiques (2003)
  • - A Toi Et Ceux (2004)
  • - Frontières de sel (2006) DVD&CD
  • Les Perches du Nil (2007)
  • Comptines celtiques et d'ailleurs (2009)
  • Celebration (2012)

Kjelder endre

  1. Harris, Craig. «Biography: Dan ArBraz». Allmusic. Henta 3. februar 2011.