Opna hovudmenyen

Eurovision Song Contest 1996 (ESC 1996) var den 41. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Konkurransen vart halden i Oslo Spektrum i Oslo i Noreg. Finalen fann stad laurdag 18. mai. Irland vann konkurransen med songen «The Voice», framført på engelsk av Eimear Quinn.

Eurovision Song Contest 1996
Dato
Vertskap
Stad
Oslo Spektrum
Flagget til Noreg Oslo i Noreg
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Attende
Flag of Lithuania.svg Litauen
Flag of Estonia.svg Estland
Flag of the Netherlands.svg Nederland
Flag of Finland.svg Finland
Flag of Switzerland.svg Sveits
Flag of Slovakia.svg Slovakia
Ikkje kvalifisert
Flag of Hungary.svg Ungarn
Flag of Germany.svg Tyskland
Flag of Denmark.svg Danmark
Flag of Russia.svg Russland
Flag of North Macedonia.svg Makedonia
Flag of Israel.svg Israel
Kart
Røysting
Vinnar
Det irske flagget «The Voice»
Eurovision Song Contest
1995 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg 1997
██ Land som deltok i konkurransen██ Land som ikkje deltok i konkurransen ██ Land som ikkje deltok i konkurransen fordi dei ikkje klarte å kvalifisere seg

Kvalifisering og utveljingEndra

Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) vidareførte eksperimentet med å prøva å redusera talet på deltakarland til noko meir handterleg, så ein gjennomførte i 1996, som i 1993, ein kvalifiseringsrunde der berre vertsnasjonen Noreg slapp unna. Sjølve kvalifikasjonsrunden vart enkelt gjennomført; han vart ikkje kringkasta på nokon måte, og dei nasjonale juryane gav songane poeng ut i frå lydopptak, altså vart ikkje songane framført heller.

Det kom ganske snart fram at dette systemet ikkje var noko betre enn det EBU hadde prøvd ut før, og førte mellom anna til at ein av dei største økonomiske bidragsytarane til tevlinga, Tyskland, ikkje vart kvalifisert. Dette har ikkje skjedd i historia til ESC, korkje før eller sidan.

1996-tevlinga førte også med seg nye innslag, som t.d. at ein spelte av ein video for kvart land som inneheldt ei lukkehelsing, innspelt av ein politisk leiar eller utsending frå det aktuelle landet. Det andre var at avstemmingsrunden vart gjennomført med datateknologi med ei resultatliste i 3D, saman med ein skjerm der talspersonane for dei ulike juryane dukka opp. Dei einaste fysiske gjenstandane i «det blåe rommet» var programleiar Ingvild Bryn og podiet ho stod på.

Jugoslavia, som i 1996 berre bestod av Serbia og Montenegro, skal også ha ordna i stand eit songbidrag, men kunne ikkje delteke på grunn av alle sanksjonane mot landet.

BidragaEndra

SemifinaleEndra

Land Artist Song Språk Plass Poeng
  Austerrike George Nussbaumer «Weil's dr guat got» Alemannisk 6 80
  Belgia Lisa del Bo «Liefde is een kaartspel» Nederlandsk 12 45
  Bosnia-Hercegovina Amila Glamočak «Za našu ljubav» Bosnisk 21 29
  Danmark Dorthe Andersen & Martin Loft «Kun med dig» Dansk 25 22
  Estland Maarja-Liis Ilus & Ivo Linna «Kaelakee hääl» Estisk 5 106
  Finland Jasmine «Niin kaunis on taivas» Finsk 22 28
  Frankrike Dan Ar Braz & L'Héritage des Celtes «Diwanit Bugale» Bretonsk 11 55
  Hellas Mariana Efstratiou «Εμείς Φοράμε το Χειμώνα Ανοιξιάτικα»
(«Emis Forame to Himona Anixiatika»)
Gresk 12 45
  Island Anna Mjöll «Sjúbídú» Islandsk 10 59
  Irland Eimear Quinn «The Voice» Engelsk 2 198
  Israel Galit Bell «שלום עולם» («Shalom Olam») Hebraisk 28 12
  Kroatia Maja Blagdan «Sveta ljubav» Kroatisk 19 30
  Republikken Kypros Constantinos Christoforou «Μόνο Για Μας» («Mono Yia Mas») Gresk 15 42
  Makedonia Kaliopi «Само ти» («Samo ti») Makedonsk 26 14
  Malta Miriam Christine «In a Woman's Heart» Engelsk 4 138
  Nederland Maxine & Franklin Brown «De eerste keer» Nederlandsk 9 63
  Polen Kasia Kowalska «Chcę znać swój grzech…» Polsk 15 42
  Portugal Lúcia Moniz «O meu coração não tem cor» Portugisisk 18 32
  Romania Monica Anghel & Sincron «Rugă pentru pacea lumii» Romansk 29 11
  Russland Andrej Kosinskij «Я это я» («Ja eto ja») Russisk 26 14
  Slovakia Marcel Palonder «Kým nás máš» Slovakisk 17 36
  Slovenia Regina «Dan najlepših sanj» Slovensk 19 30
  Spania Antonio Carbonell «¡Ay, qué deseo!» Spansk 14 43
  Storbritannia Gina G «Ooh Aah… Just a Little Bit» Engelsk 3 153
  Sveits Kathy Leander «Mon cœur l'aime» Fransk 8 67
  Sverige One More Time «Den vilda» Svensk 1 227
  Tyrkia Şebnem Paker «Beşinci Mevsim» Tyrkisk 7 69
  Tyskland Leon «Planet of Blue» Tysk 24 24
  Ungarn Gjon Delhusa «Fortuna» Ungarsk 23 26

FinaleEndra

Nr. Land Artist Song Språk Plass Poeng
1.   Tyrkia Şebnem Paker «Beşinci Mevsim» Tyrkisk 12 57
2.   Storbritannia Gina G «Ooh Aah... Just a Little Bit» Engelsk 8 77
3.   Spania Antonio Carbonell «¡Ay, qué deseo!» Spansk 20 17
4.   Portugal Lúcia Moniz «O meu coração não tem cor» Portugisisk 6 92
5.   Republikken Kypros Constantinos Christoforou «Μόνο Για Μας» («Mono Yia Mas») Gresk 9 72
6.   Malta Miriam Christine «In A Woman's Heart» Engelsk 10 68
7.   Kroatia Maja Blagdan «Sveta ljubav» Kroatisk 4 98
8.   Austerrike George Nussbaumer «Weil's dr guat got» Alemannisk 10 68
9.   Sveits Kathy Leander «Mon cœur l'aime» Fransk 16 22
10.   Hellas Mariana Efstratiou «Εμείς Φοράμε το Χειμώνα Ανοιξιάτικα»
(«Emeis Forame to Himona Anixiatika»)
Gresk 14 36
11.   Estland Maarja-Liis Ilus & Ivo Linna «Kaelakee hääl» Estisk 5 94
12.   Noreg Elisabeth Andreassen «I evighet» Norsk 2 114
13.   Frankrike Dan Ar Braz & L'Héritage des Celtes «Diwanit Bugale» Bretonsk 19 18
14.   Slovenia Regina «Dan najlepših sanj» Slovensk 21 16
15.   Nederland Maxine & Franklin Brown «De eerste keer» Nederlandsk 7 78
16.   Belgia Lisa del Bo «Liefde is een kaartspel» Nederlandsk 16 22
17.   Irland Eimear Quinn «The Voice» Engelsk 1 162
18.   Finland Jasmine «Niin kaunis on taivas» Finsk 23 9
19.   Island Anna Mjöll «Sjúbídú» Islandsk 13 51
20.   Polen Kasia Kowalska «Chcę znać swój grzech...» Polsk 15 31
21.   Bosnia-Hercegovina Amila Glamočak «Za našu ljubav» Bosnisk 22 13
22.   Slovakia Marcel Palonder «Kým nás máš» Slovakisk 18 19
23.   Sverige One More Time «Den vilda» Svensk 3 100

KjelderEndra