Frankrike i Eurovision Song Contest
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Frankrike debuterte i den fyrste utgaven av Eurovision Song Contest i 1956 og har deltek nesten kvart år sidan, unntaka er 1974 og 1982. Med fem sigrar og ytterlegare 20 topp fem-plasseringar er Frankrike eit av dei mest suksessrike landa i Eurovision Song Contest. Landet er eit av «dei fem store» – ei gruppe på fem land som er automatisk kvalifiserte til finalen på grunn av dei store økonomiske bidraga sine til tevlinga.[1] Frankrike har berre kome sist éin gong i tevlinga, i 2014.
| |||||
---|---|---|---|---|---|
![]() | |||||
Offisielt | Frankrike | ||||
Uttakingar | |||||
Deltaking | |||||
Debutår | 1956 | ||||
Deltakingar | 60 | ||||
Beste resultat | |||||
Finalen | 1 (1958, 1960, 1962, 1969, 1977) | ||||
Verste resultat | |||||
Finalen | Sisteplass (2014) | ||||
Poeng | |||||
Totalt | 4 406 |
HistorikkEndra
Fleire kringkastarar har stått bak det franske bidraget til Eurovision Song Contest. I dag er det allmennkringkastaren France 2 som sender konkurransen i Frankrike, og som vel songen og artisten som skal representera landet i Eurovision Song Contest.
Frankrike var eit av sju land som deltok i den aller fyrste tilstellinga av Eurovision Song Contest, og har berre stått over konkurransen ved to høve: i 1974 og 1982. I 1974 hadde Frankrike vald både artist og song til tevlinga, men presidenten i landet, Georges Pompidou, døydde fire dager før finalen. I respekt for den avdøde statsleiaren valde difor Frankrike å trekkje seg frå tevlinga.[2] I november 1981 trekte TF1 seg frå Eurovision Song Contest 1982. Bakgrunnen var at underhaldingssjefen i kanalen, Pierre Bouteiller, meinte konkurransen bestod av middelmåtige songar og lite talent. Men året etter tok konkurrenten Antenne 2 over jobben, og Frankrike var tilbake igjen i Eurovision Song Contest 1983.[3]
Suksess og nedturEndra
Frankrike dominerte tevlinga fram til byrjinga av 1980-åra og er saman med Storbritannia eit av dei mest suksessrike landa i Eurovision Song Contest. Landet har vunne tevlinga fem gongar og kom stort sett på topp fem kvart einaste år i 1960- og 1970-åra. Frankrike har fire andreplassar og sju tredjeplassar, og berre Storbritannia kan måle seg med dette.
Men dei siste par tiåra har den franske dominansen gradvis vorte svekka, og i 1998 innleia landet ei long rekkje med elendige resultater. Med unntak av eit par topp ti-plasseringar har Frankrike stort sett kome blant dei fem siste sidan 2005. I 2014 vart botnen nådd, då Frankrike enda sist for fyrste gong i historia med gruppa Twin Twin. I 2016 kom Frankrike på ein sjetteplass – landets beste plassering på heile 14 år.
Frankrike har heller ikkje vunnet tevlinga sidan 1977, sjølv om landet var nær ved å vinne i 1991. Franske Amina og svenske Carola enda begge med 146 poeng. Dimed måtte ein telje talet på 12-poeng-tildeingar. Både Carola og Amina hadde fått fire tolvarar, men Carola hadde fått fleire 10-poeng-tildelingar. Dimed vann Sverige på målstreken framfor Frankrike.
Ein av dei storeEndra
I 2000 innførte Den europeiske kringkastingsunionen ei ordning som sikra dei fire største økonomiske bidragsytarane direkte plass i finalen. Dei fire landa var Frankrike, Storbritannia, Tyskland og Spania, og gruppa vart kalt «dei fire store». I 2011 kom Italia tilbake i tevlinga, og gruppa vart utvida til «dei fem store.» Frankrike har dimed aldri delteke i ein semifinale i Eurovision Song Contest.[1]
BidragEndra
I 1956 stilte kvart land med to songar kvar. Berre vinnaren vart offentleggjort, dei øvrige plasseringane er difor ikkje kjend.[5]
År | Artist | Tittel | Finale | Poeng | Semi | Poeng |
---|---|---|---|---|---|---|
1956 | Mathé Altéry | «Le temps perdu» | Ukjent | Ukjent | Ingen semifinaler | |
Dany Dauberson | «Il est là» | Ukjent | Ukjent | |||
1957 | Paule Desjardins | «La belle amour» | 2 | 17 | ||
1958 | André Claveau | «Dors, mon amour» | 1 | 27 | ||
1959 | Jean Philippe | «Oui, oui, oui, oui» | 3 | 15 | ||
1960 | Jacqueline Boyer | «Tom Pillibi» | 1 | 32 | ||
1961 | Jean-Paul Mauric | «Printemps, avril carillonne» | 4 | 13 | ||
1962 | Isabelle Aubret | «Un premier amour» | 1 | 26 | ||
1963 | Alain Barrière | «Elle était si jolie» | 5 | 25 | ||
1964 | Rachel | «Le chant de Mallory» | 4 | 14 | ||
1965 | Guy Mardel | «N'avoue jamais» | 3 | 22 | ||
1966 | Dominique Walter | «Chez nous» | 16 | 1 | ||
1967 | Noëlle Cordier | «Il doit faire beau là-bas» | 3 | 20 | ||
1968 | Isabelle Aubret | «La source» | 3 | 20 | ||
1969 | Frida Boccara | «Un jour, un enfant» | 1 | 18 | ||
1970 | Guy Bonnet | «Marie-Blanche» | 4 | 8 | ||
1971 | Serge Lama | «Un jardin sur la terre» | 10 | 82 | ||
1972 | Betty Mars | «Comé-comédie» | 11 | 81 | ||
1973 | Martine Clemenceau | «Sans toi» | 15 | 65 | ||
1974 | Dani | «La vie à vingt-cinq ans» | Trukket | |||
1975 | Nicole Rieu | «Et bonjour à toi l'artiste» | 4 | 91 | ||
1976 | Catherine Ferry | «Un, deux, trois» | 2 | 147 | ||
1977 | Marie Myriam | «L'oiseau et l'enfant» | 1 | 136 | ||
1978 | Joël Prévost | «Il y aura toujours des violons» | 3 | 119 | ||
1979 | Anne-Marie David | «Je suis l'enfant-soleil» | 3 | 106 | ||
1980 | Profil | «Hé, hé M'sieurs dames» | 11 | 45 | ||
1981 | Jean Gabilou | «Humanahum» | 3 | 125 | ||
1982 | Deltok ikkje | |||||
1983 | Guy Bonnet | «Vivre» | 8 | 56 | ||
1984 | Annick Thoumazeau | «Autant d'amoureux que d'étoiles» | 8 | 61 | ||
1985 | Roger Bens | «Femme dans ses rêves aussi» | 10 | 56 | ||
1986 | Cocktail Chic | «Européennes» | 17 | 13 | ||
1987 | Christine Minier | «Les mots d'amour n'ont pas de dimanche» | 14 | 44 | ||
1988 | Gérard Lenorman | «Chanteur de charme» | 10 | 64 | ||
1989 | Nathalie Pâque | «J'ai volé la vie» | 8 | 60 | ||
1990 | Joëlle Ursull | «White and Black Blues» | 2 | 132 | ||
1991 | Amina | «C'est le dernier qui a parlé qui a raison» | 2 | 146 | ||
1992 | Kali | «Monté la riviè» | 8 | 73 | ||
1993 | Patrick Fiori | «Mama Corsica» | 4 | 121 | Kvalifikacija za Millstreet | |
1994 | Nina Morato | «Je suis un vrai garçon» | 7 | 74 | Ingen semifinaler | |
1995 | Nathalie Santamaria | «Il me donne rendez-vous» | 4 | 94 | ||
1996 | Dan Ar Braz og L'héritage des Celtes | «Diwanit Bugale» | 19 | 18 | 11 | 55 |
1997 | Fanny | «Sentiments songes» | 7 | 95 | Ingen semifinaler | |
1998 | Marie Line | «Où aller» | 24 | 3 | ||
1999 | Nayah | «Je veux donner ma voix» | 19 | 14 | ||
2000 | Sofia Mestari | «On aura le ciel» | 23 | 5 | ||
2001 | Natasha St-Pier | «Je n'ai que mon âme» | 4 | 142 | ||
2002 | Sandrine François | «Il faut du temps» | 5 | 104 | ||
2003 | Louisa Baïleche | «Monts et merveilles» | 18 | 19 | ||
2004 | Jonatan Cerrada | «À chaque pas» | 15 | 40 | Direktekvalifisert | |
2005 | Ortal | «Chacun pense à soi» | 23 | 11 | ||
2006 | Virginie Pouchain | «Il était temps» | 22 | 5 | ||
2007 | Les Fatals Picards | «L'amour à la française» | 22 | 19 | ||
2008 | Sébastien Tellier | «Divine» | 19 | 47 | ||
2009 | Patricia Kaas | «Et s'il fallait le faire» | 8 | 107 | ||
2010 | Jessy Matador | «Allez Ola Olé» | 12 | 82 | ||
2011 | Amaury Vassili | «Sognu» | 15 | 82 | ||
2012 | Anggun | «Echo (You and I)» | 22 | 21 | ||
2013 | Amandine Bourgeois | «L'enfer et moi» | 23 | 14 | ||
2014 | Twin Twin | «Moustache» | 26 | 2 | ||
2015 | Lisa Angell | «N'oubliez pas» | 25 | 4 | ||
2016 | Amir | «J'ai cherché» | 6 | 257 | ||
2017 | Alma | «Requiem» | 12 | 135 | ||
2018 | Madame Monsieur | «Mercy» | 13 | 173 | ||
2019 | Bilal Hassani | «Roi» | 14 | 105 | ||
2020 | Tom Leeb | «Mon alliée (The Best in Me)» | Avlyst |
RøystgjevingEndra
Sidan 1957 har Frankrike gjeve og fått flest poeng frå:
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Talla over inkluderer berre poeng i finalar. Poeng i semifinalane er ikkje med.
GalleriEndra
Les Fatals Picards i Helsingfors 2007
Eurovision Song Contest i FrankrikeEndra
År | Sted | Arena | Programleiar |
---|---|---|---|
1959 | Cannes | Palais des Festivals | Jacqueline Joubert |
1961 | |||
1978 | Paris | Palais des Congrès | Denise Fabre og Léon Zitrone |
Sjå ògEndra
FotnotarEndra
- ↑ 1,0 1,1 Victor M. Escudero (23. september 2015). «'Big Five' and host country more prominently in the Semi-Finals». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 1. desember 2016.
- ↑ Historie - Eurovision Song Contest 1974, Eurovision.tv
- ↑ 1982 Eurovision source in French
- ↑ «VG-lista for 'Un, deux, trois'». VG Nett. Henta 10. desember 2016.
- ↑ Historie - Eurovision Song Contest 1956 Eurovision.tv
- Denne artikkelen bygger på «Frankrike i Eurovision Song Contest» frå Wikipedia på bokmål, den 19. juli 2018.