Dan Eggen
Dan Eggen (fødd 13. januar 1970 i Oslo) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Oslo. Midtstopparen spelte 25 landskampar for Noreg i tida 1993-2001, og skåra to landslagsmål. Han deltok i fotball-VM 1994 og 1998, samt i fotball-EM 2000. I 2001 spelte han UEFA-cupfinale med spanske Alavés, ein kamp laget tapte mot engelske Liverpool FC etter ekstraomgangar.
Fødd | 13. januar 1970 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Oslo | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1988–1990 1990–1993 1993–1997 1997–1999 1999–2004 2003 2003–2004 |
Ready BK Frem Brøndby IF Celta Vigo Alavés Rangers Le Mans | ||
Landslag | |||
1993–2001 | Noreg | ||
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 28. januar 2011 ‡ Landslagsmål oppdatert 28. januar 2011 |
Eggen var fjerdedivisjonsspelar med Ready frå 1988 til -90. Han flytta då til København og spelte BK Frem til 1993, då han vart overført til toppklubben Brøndby. Etter sju sesongar i Danmark reiste han vidare til Spania der han i to år opptredde i Celta Vigo-drakt, og så frå 1999 i Alavés sine fargar. Hausten pådrog han seg ein langvarig skade. Han avslutta karrieren med 2003/04-sesongen i franske Le Mans.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dan Eggen» frå Wikipedia på bokmål, den 20. juni 2016.