Dan O’Brien
Daniel Dion O'Brien (fødd 18. juli 1966) er ein USA-amerikansk tidlegare mangekjempar, fødd i Portland i Oregon. Han vann tikampen i tre verdsmeisterskap i friidrett på rad; Tokyo 1991, Stuttgart 1993 og Göteborg 1995. I 1996 vann han den olympiske gullmedaljen i Atlanta.
Dan O’Brien | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 18. juli 1966 (58 år) Portland i Oregon |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Friidrett under Sommar-OL 1996 |
Aktiv
endreO’Brien vann ein suveren siger i tikamp i friidretts-VM 1991 i Tokyo, og sette meisterskapsrekord med 8 812 poeng. Året etter mislukkast han i å kvalifisere seg til OL 1992 i Barcelona då han bomma heilt i stavhopp. Ein månad etter sommarleikane slo han verdsrekorden til briten Daley Thompson, då han i Talence i Frankrike vann ei tevling etter å ha plukka 8 891 poeng. Noteringa var verdsrekord i sju år.
O’Brien forsvarte VM-tittelen i tikamp både i 1993 og i 1995, i begge tevlingane hadde han sterkast konkurranse frå Eduard Hämäläinen frå Kviterussland. Under Sommar-OL 1996 sikra O’Brien seg den olympiske meistertittelen i tikamp, med over hundre poengs margin Frank Busemann frå Tyskland.
Etter 1998-sesongen var O’Brien mykje hemma av skadar.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dan O’Brien» frå Wikipedia på engelsk, den 18. august 2016.