Dan John Rune Waern (fødd 17. januar 1933) er ein svensk tidlegare friidrettsutøvar frå Sköldinge i Södermanlands län. Han vann EM-sølv på 1500 meter under EM 1958 i Stockholm og sette mange svenske rekordar på 800 m og 1500 m.

Dan Waern


Statsborgarskap Sverige
Fødd 17. januar 1933 (91 år)
Sköldinge
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1956, Sommar-OL 1960

Aktiv endre

Waern sletta den 6. august 1956 i Göteborg den 12 år gamle svenske 1500-meterrekorden til Gunder Hägg. Waern vart klokka inn på tida 3.42,0, ei rekordtid Ingvar Ericsson forbetra seinare i sesongen. Under Melbourne-OL i november 1956 rauk Waern ut i kvalifiseringsløpet, 0,2 sekundar unna finaleplass. 11. juli 1957 tok han tilbake den svenske rekorden på 1500 meter med eit løp på 3.40,8. Den 24. august sette han med tida 1.48,9 også svensk rekord på 800 meter, ein rekord han forbetra til 1.48,6 allereie 1. september. Seinare i september månad tok Rolf Gottfridsson med 1.48,2 over nasjonsrekorden. Den 4. oktober i Aten forbetra Waern rekorden til 1.48,1. På tampen av 1957 vart han tildelt Svenska Dagbladets gullmedalje.

Ved europameisterskapen 1958 i friidrett i Stockholm tok Waern sølvmedaljen på 1500 meter på tida 3.42,1. Elles i 1958 flytta han to gongar verdsrekorden på ekstradistansen 1000 meter, ein rekord han i 1959 forbetra til 2.17,8. 27. juli 1959 pressa Waern i Malmö den nasjonale rekorden på 800 meter ned til 1.47,8. Den 8. september det året forbetra han også sin svenske rekord på 1500 m til 3.40,7.

Under dei olympiske leikane i Roma i 1960 sprang Waern i mål til fjerdeplass på 1500 m på den nye nasjonale rekordtida 3.40,0. Få veker etter gjorde Waern sitt livs beste 1500-meterløp. Den 18. september på Nya Ullevi i Göteborg pressa han olympiameisteren Herb Elliott heilt inn til målstreken og fekk sluttida 3.38,6, to tidels sekund bak Elliott. 25. august 1961 sette Waern sin siste svenske rekord då han i Borås sprang 800 meter på 1.47,5. Den rekorden stod til Anders Gärderud slo den i september 1968, medan Waern sin svenske rekord på 1500 m overlevde til 1971.

Waern var svensk meister på 1500 meter seks år i rad; 1956-61. Åra 1958-60 vart han også dobbeltmeister gjennom å vinne 800-meteren.

Hausten 1961 stengde Svenska Friidrottsförbundet Waern ute frå all friidrett på livstid grunna brot mot amatørreglane. Han hadde teke mot pengar frå arrangørar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre