Dana biosfærereservat

Dana biosfærereservat er det største naturreservatet i Jordan,[1] sør i den sentrale delen av landet. Dana biosfærereservat vart grunnlagd i 1989[1] i området i og rundt landsbyen Dana og Wadi Dana som består av 308 km².[2]

Dana biosfærereservat
verneområde
Landskap i Danareservatet
Land  Jordan
Koordinatar 30°41′N 35°37′E / 30.683°N 35.617°E / 30.683; 35.617
Grunnlagd 1989
Styre Royal Society for the Conservation of Nature
Kart
Dana biosfærereservat
30°41′15″N 35°34′31″E / 30.6875°N 35.575277777778°E / 30.6875; 35.575277777778
Wikimedia Commons: Dana Biosphere Reserve

Busetnad endre

 
Landskap i Danareservatet
 
Landskap i Danareservatet
 
Rummana-leiren

Ata'ta-folket er innfødde innbyggjarar[2] i Dana biosfærereservat. Historia går attende 400 år, men dei første busetjingane her går attende meir enn 6000 år.[2] Det er gjort funn som kan vere frå eldre steinalder, i tillegg til egyptiske, nabateiske og romerske busetjingar i Dana.[2]

Geografi endre

Dana biosfærereservat ligg frå ei høgd på 1500 meter over havet på Qadisiyah-platået til det lågtliggande ørkenområdet Wadi Araba.[1] Den varierte geologien i Dana består av kalkstein, sandstein og granitt. I Wadi Dana finn ein vinderoderte sandsteinskipper. Dana er det einaste naturreservatet i Jordan som kryssar fire biogeografiske soner: Middelhavet, iransk-turansk, saharo-arabisk og den sudanske penetrasjonen.[1]

Plante- og dyreliv endre

Den mangfaldige naturen i Dana har 703 planteartar, 215 fugleartar, og 38 forskjellige artar pattedyr.[2]

Planter endre

Dana har noko av det mest mangfaldige plantelivet i landet og vegetasjonen består mellom anna av fønikiske einer, eviggrøne eiker, sanddyner, akasie og klipper.[1] Dana er det sørlegaste området i verda der det veks middelhavssypress, Cupressus sempervirens. Det finst òg hundrevis av endemiske planteartar i Dana. Mange planter, særskild tre og kratt, veks i høglandet i naturreservatet.[1]

Utryddingstruga artar endre

Nubisk steinbukk, syrisk gullrisk, karakal, og raudfalk held til i Wadi Dana og er utryddingstruga. Planar om å redde artane vart lagt fram av Global Environment Fund i 1994. I tillegg finst den største hekkekolonien av syrisk gullrisk i Dana naturreservat. Jakt er mellom anna ein av trugslane for desse dyra.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 «Dana Biosphere». Royal Society for the Conservation of Nature, 2008. Arkivert frå originalen 22. mai 2015. Henta 1. oktober 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Jordan Eco & Nature. Jordan Turisme Board, 2006. 

Bakgrunnsstoff endre