Dancin' Fool
Dancin' Fool Singel av Frank Zappa frå albumet Sheik Yerbouti | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1979 | |
Innspelt | 1979 | |
Sjanger | Komedierock, parodi på disco | |
Lengd | 3:43 | |
Selskap | CBS Records | |
Låtskrivar(ar) | Frank Zappa | |
---|---|---|
Produsent | Frank Zappa | |
Frank Zappa-kronologi | ||
«Disco Boy» (1976) |
Dancin' Fool | «Bobby Brown (Goes Down)» (1979)
|
«Dancin' Fool» er ein song av Frank Zappa på albumet Sheik Yerbouti i 1979. Han var den første av to singlar frå albumet, etterfølgd av singelen «Bobby Brown (Goes Down)». Songen vart spelt første gongen på konsert kring Halloween i 1975,[1] men var berre ein del av setlista i tre månader, ofte spelt i lag med «Approximate», som to songar som synte den store kontrasten i musikken til Zappa. Som med avslutningssporet på Zoot Allures, «Disco Boy», gjer songen narr av disco-kulturen i 1970-åra, men i motsetnad til «Disco Boy», er songen direkte fokusert på dansinga i kulturen. Karakteren Zappa syng som ikkje klarar å la vere å danse, sjølv om han ikkje kan det. Han omtalar dansinga si som «sosialt sjølvmord» og seier «the beat goes on and I'm so wrong». Kort tid etter inspirerte han til sprø danserørsler som gjorde narr av discodansarar, og var særleg relevant sidan populariteten til disco var på veg ned. «Dancin' Fool» nådde 45. plass på den amerikanske singellista og var den nest høgaste plasseringa Zappa oppnådde i heimlandet, bak songen «Valley Girl» frå 1982. Songen vart nominert til Grammy-prisen for beste mannlege vokal, men vann ikkje.[2] Songen kom òg ut på samlealbumet Strictly Commercial.[3][4]
Saturday Night Live
endreDen 21. oktober 1978 var Frank Zappa gjest og musikar i sketsjshowet Saturday Night Live. Etter episoden vart han bannlyst frå showet fordi han var vanskeleg å ha med å gjere og ønskte for mykje merksemd. Alle skodespelarane, utanom John Belushi, prøvde å halde seg så langt unna han som mogeleg heile kvelden. Songane han spelte som gjest var «Dancin' Fool», «Meek» og «Rollo». Framføringa på SNL var truleg første gongen «Dancin' Fool» fekk merksemd i media.[5][6]
Innhald
endre7"
A. «Dancin' Fool» - 3:45
B. «Baby Snakes» - 2:02[7]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dancin' Fool» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juli 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://books.google.com/books?id=MQ0EAAAAMBAJ&pg=PA33&lpg=PA33&dq=%22dancin'+fool%22+frank+zappa&source=bl&ots=3z6rPkyXVG&sig=xgCYBilemFs6aU2cQBcQyyI-VMc&hl=en&sa=X&ei=fKlPUIPGEeHj0QGuyICYDQ&ved=0CD0Q6AEwAw#v=onepage&q=%22dancin'%20fool%22%20frank%20zappa&f=false
- ↑ http://www.filmreference.com/film/19/Frank-Zappa.html
- ↑ http://www.lyricsfreak.com/f/frank+zappa/dancin+fool_20056815.html
- ↑ http://www.allmusic.com/song/dancin-fool-mt0027022133
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 10. juli 2014, henta 5. juli 2014
- ↑ http://books.google.com/books?id=uAYfqgGf4yYC&pg=PA146&lpg=PA146&dq=%22dancin'+fool%22+frank+zappa&source=bl&ots=VI5AiR1zUI&sig=S4BjttEKOUBv8Y9YenkrYYKN5nQ&hl=en&sa=X&ei=fKlPUIPGEeHj0QGuyICYDQ&ved=0CEsQ6AEwBg#v=onepage&q=%22dancin'%20fool%22%20frank%20zappa&f=false
- ↑ http://www.discogs.com/Frank-Zappa-Dancin-Fool/release/3320562