Daniel Forfang (fødd 28. desember 1979) er ein norsk, tidlegare skihoppar som representerte Tromsø Skiklubb.

Daniel Forfang


Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. desember 1979 (44 år)
Tromsø kommune
Idrett skihopping

Karriere

endre

Han debuterte i verdscupen i desember 2001, men hamna langt nede på resultatlistene i internasjonale renn dei tre neste åra. I 2003 utmerka han seg ved å vinne NM-sølv i normal bakke, bak den suverene vinnaren Tommy Ingebrigtsen. 2005-sesongen vart hans beste, han kom på bronseplass i begge NM-tevlingane, og hevda seg inn i mellom bra i verdscupen. Samanlagt i verdscupen kom han på 28. plass. OL-sesongen 2006 starta med ein femteplass under opningshelga i verdscupen, hans beste enkeltresultat. Resten av sesongen vart ein stor nedtur.

Besteplasseringar i internasjonale renn

endre

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

endre

Forfang la opp som aktiv hoppar i 2006 på grunn av slankepresset i hoppmiljøet. Han kritiserte landslagsleiinga for manglande oppfølging av problema hans rundt slankepresset.[1]

Kjelder

endre
  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

endre