Daniel Kehlmann
Daniel Kehlmann (fødd 13. januar 1975) er ein tysk forfattar, særleg kjend for romanen Die Vermessung der Welt (Oppmålingen av verden) frå 2005.
Daniel Kehlmann | |
Statsborgarskap | Tyskland, Austerrike |
Fødd | 13. januar 1975 (49 år) München |
Yrke | omsetjar, romanforfattar, skribent |
Sjanger | prosa |
Medlem av | Mainz vitenskaps- og litteraturakademi, Deutsche Akademie für Sprache und Dichtung, Deutsche Filmakademie |
Far | Michael Kehlmann |
Daniel Kehlmann på Commons |
Liv og virke
endreKehlmann blei fødd i München i Bayern som son av regissøren Michael Kehlmann. Han har både tysk og austerriksk statsborgarskap, og er busett i Berlin.[1] Kehlmann studerte litteraturvitskap og filosofi og arbeidde med ein doktorgrad om det sublime i verka til Immanuel Kant til arbeidet med doktorgraden blei avbrote på grunn av suksessen hans som forfattar.
Daniel Kehlmann skreiv den fyrste romanen sin som 22-åring, og har fått ei lang rad tyske og internasjonale utmerkingar for romanane sine. Ich und Kaminski som kom ut i 2003 var den fyrste han hadde internasjonal suksess med.[2] Forfattaren fekk eit enormt internasjonalt gjennombrot med Die Vermessung der Welt i 2005 (omsett til norsk av Sverre Dahl med tittelen Oppmålingen av verden). Denne er omsett til 46 språk og har totalt selt i tre millionar eksemplar verda over. Die Vermessung der Welt er den største suksessen for ein tysk roman sidan Parfymen av Patrick Süskind kom ut i 1985. Verka til Kehlmann, særleg Die Vermessung der Welt, er sterkt påverka av latinamerikansk magisk realisme.
Kehlmann har skrive essay om litteratur og poetikk og fleire skodespel. Han har skapt debatt med kritikken sin av dominansen til det tyske regi-teateret i Tyskland og Austerrike, mellom anna på festspela i Salzburg i 2009.[3]
Prisar og utmerkingar
endre- 2005 Candide-prisen
- 2005 Finalist til den tyske bokprisen for Die Vermessung der Welt
- 2006 Adenauer-stiftelsens litteraturpris; Heimito von Doderer-Litteraturpris; Kleist-Prisen
- 2007 WELT-Litteraturprisen
- 2007 Grand Prix du Livre des dirigeants for Les Arpenteurs du Monde (den franske oversettelsen av Die Vermessung der Welt)
- 2008 PO Enquist-prisen; Thomas Mann-prisen
- 2010 Prix Cévennes du roman européen for Gloire
Bibliografi
endreRomanar
endre- Beerholms Vorstellung. Roman. Deuticke Forlag, Wien 1997, ISBN 3-216-30290-3.
- Unter der Sonne. Fortellinger. Deuticke, Wien 1998, ISBN 3-216-30363-2.
- Mahlers Zeit. Roman. Suhrkamp Forlag, Frankfurt am Main 1999, (David Mahlers tid, Gyldendal Norsk Forlag 2009) ISBN 3-518-41078-4.
- Der fernste Ort. Novelle. Suhrkamp, Frankfurt am Main 2001, ISBN 3-518-41265-5.
- Ich und Kaminski. Roman. Suhrkamp, Frankfurt am Main 2003, (Jeg og Kaminski, Gyldendal Norsk Forlag 2014) ISBN 3-518-41395-3.
- Die Vermessung der Welt. Roman. Rowohlt Forlag, Reinbek bei Hamburg 2005, (Oppmålingen av verden, Gyldendal Norsk Forlag 2008) ISBN 3-498-03528-2
- Wo ist Carlos Montúfar? Essays. Rowohlt, Reinbek bei Hamburg 2005, ISBN 3-499-24139-0.
- Diese sehr ernsten Scherze. Poetikvorlesungen. Wallstein Forlag, Göttingen 2007, ISBN 978-3-8353-0145-0.
- Requiem für einen Hund. Ein Gespräch (sammen med Sebastian Kleinschmidt). Matthes & Seitz, Berlin 2008, ISBN 978-3-88221-735-3.
- Leo Richters Porträt. Rowohlt, Reinbek bei Hamburg 2009, ISBN 978-3-499-25302-7.
- Ruhm. Ein Roman in neun Geschichten. Rowohlt, Reinbek bei Hamburg 2009, (Berømmelse, Gyldendal Norsk Forlag 2010) ISBN 978-3-498-03543-3.
- Lob: Über Literatur. Rowohlt, Reinbek bei Hamburg 2010, ISBN 978-3-498-03548-8.
- F. Rowohlt, Reinbek bei Hamburg 2013, (F, Gyldendal Norsk Forlag 2014) ISBN 978-3-498-03544-0
- Tyll. Rowohlt, Reinbek bei Hamburg 2017, (Tyll, Gyldendal 2018) ISBN 978-3-498-03567-9
Essay og intervju
endre- Wo ist Carlos Montúfar? essay. Rowohlt, Reinbek bei Hamburg 2005, ISBN 3-499-24139-0.
- Diese sehr ernsten Scherze. Poetikvorlesungen. Wallstein Verlag, Göttingen 2007, ISBN 978-3-8353-0145-0.
- Lob: Über Literatur. Rowohlt, Reinbek bei Hamburg 2010, ISBN 978-3-498-03548-8.
- Kommt, Geister. Frankfurter Poetikvorlesungen. Rowohlt, Reinbek bei Hamburg 2015, ISBN 978-3-498-03570-9.
- Mein Algorithmus und Ich. Stuttgarter Zukunftsrede. Klett-Cotta, Stuttgart 2021, ISBN 978-3-608-98480-4.
- Der unsichtbare Drache. Ein Gespräch mit Heinrich Detering, Kampa Verlag, Zürich 2019, ISBN 978-3-311-70068-5.
Skodespel
endre- Geister in Princeton (2013).
- Der Mentor (2014). Engelsk The Mentor, oms. av Christopher Hampton (Faber and Faber, 2017).
- Heilig Abend (2017). Engelsk Christmas Eve, oms. av Christopher Hampton (Faber and Faber, 2017).
- Die Reise der Verlorenen (2018)
Kjelder
endre- ↑ Wenigstens einmal richtig gefeuert. i Die Welt 28. februar 2006.
- ↑ Die Weltvermesser, Frankfurter Allgemeine 21.09.2005
- ↑ Festspiele: Kehlmann-Rede sorgt für Aufsehen. I Österriches Rundfunk 25. juli 2009
- Denne artikkelen bygger på «Daniel Kehlmann» frå Wikipedia på bokmål, den 28. juli 2023.