Daniel Plaza Montero (fødd 3. juli 1966) er ein spansk tidlegare kappgjengar frå Barcelona som i 1992 vart olympisk meister på 20 kilometer i heimbyen.

Daniel Plaza
Statsborgarskap Spania
Fødd 3. juli 1966 (58 år)
Barcelona
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988
Utmerkingar Ordenen for sportsfortjenesters gullmedalje

Aktiv

endre

Plaza gjekk i 1990 inn til sølvmedalje på 20 km ved europameisterskapen i Split, 17 sekundar bakom vinnaren Pavol Blažek frå Tsjekkoslovakia. Under dei olympiske sommarleikane 1992 i heimbyen Barcelona vann Plaza gullmedaljen på 20 km, med god margin til dei andre medaljevinnarane, Guillaume LeBlanc frå Canada og Giovanni De Benedictis frå Italia. Året etter tok Plaza bronsemedaljen på same distansen då VM 1993 fann stad i Stuttgart, der landsmannen Valentí Massana vart verdsmeister.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

endre

Kjelder

endre