Daniela Jordanova

Daniela Jordanova (fødd 8. mars 1976) er ein bulgarsk tidlegare friidrettsutøvar som tok bronsemedaljen på 1500 meter i så vel europameisterskapen 2006 som verdsmeisterskapen 2007.

Daniela Jordanova


Statsborgarskap Bulgaria
Fødd 8. mars 1976 (48 år)
Slivnitsa
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Aktiv endre

Etter ein tiandeplass og bulgarsk rekord på 5000 meter under Sommar-OL 2000, tevla Jordanova mest på 1500 meter. På den distansen vart ho nummer fem ved EM 2002 og sju ved VM 2003. Under dei olympiske sommarleikane 2004 i Aten sprang ho i mål til femteplass på tid 3.59,10, livsbeste på 1500 m og landsrekord. I Friidretts-EM 2006 i Göteborg sikra ho seg bronsemedaljen gjennom eit toppløp. Året etter kom ho i mål som nummer fire på 1500 m ved VM i Osaka. Eit par månader etter meisterskapen vart prestasjonen omgjort til bronse, ettersom toaren Jelena Soboleva vart diskvalifisert for bruk av bloddoping i eit tidlegare løp.

Doping endre

I juni 2008 testa Jordanova positivt på testosteron og deretter utstengt i to år frå alle tevlingar. Ho kom ikkje tilbake på bana.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre