Danilo Türk

slovensk diplomat og politikar

Danilo Türk (fødd 19. februar 1952) er ein slovensk politikar og diplomat som var president i Slovenia frå 23. desember 2007 til 22. desember 2012.

Danilo Türk

Fødd19. februar 1952 (72 år)
Maribor
Statsborgar avDen sosialistiske føderale republikken Jugoslavia, Slovenia
Partiingen
Yrkepolitikar, diplomat, universitetslærar, jurist, historikar, agitator
InstitusjonarDei sameinte nasjonane
Columbia University
Universitetet i Ljubljana
Utdanna vedUniversitetet i Ljubljana
Det juridiske fakultet ved Universitetet i Beograd
Universitetet i Beograd
EktefelleBarbara Miklič Türk
VervPresident i Slovenia 2007-2012
FøregangarJanez Drnovšek
EtterfylgjarBorut Pahor
Alle verv
  • Slovenias president (2007–2012)
  • Permanent Representative of Slovenia to the United Nations (1992–2000) Sjå dette på Wikidata

Danilo Türk vart fødd og oppvaksen i Maribor, i det dåverande Jugoslavia. Han studerte jus ved universitetet i Ljubljana, og fullførte magistergraden der i 1978. Han fullførte doktorgraden ved same universitetet i 1982, innan internasjonal rett. I 1984 vart han medlem i SN sin subkommisjon for vern mot diskriminering mot minoritetar, og har sidan hatt mange posisjonar i internasjonale organ. Türk sine handlingar under prosessen som førte til slovensk sjølvstende i 1991 vart eit tema under valkampen i 2007. Motkandidaten hans skulda han for å ha heldt fram å representera Jugoslavia i internasjonale organ under krigen heime. Sjølv viste han til at han arbeidde for å oppnå internasjonal anerkjenning av Slovenia på denne tida, mellom anna med å skriva artiklar i vestlege media. Då Slovenia hadde vorte internasjonalt anerkjend som sjølvstendig stat vart Türk i 1992 utnemnd til slovensk SN-ambassadør. Han hadde denne stillinga til 2000. Frå 2000 til 2005 var han politisk assistent for generalsekretær Kofi Annan. Deretter vart han professor i internasjonal rett ved universitetet i Ljubljana.

Ved presidentvalet i 2007 stilte han som kandidat. Han var ikkje sjølv medlem av eit politisk parti, men kandidaturet hans vart støtta av Sosialdemokratane (Socialni demokrati), det sosialliberale partiet Zares, pensjonistpartiet DeSUS, og mindre parti. I første valrunden, 21. oktober, kom han på andre plass med 24,5 % av røystene. Han slo dermed den liberale kandidaten Mitja Gaspari med færre enn 4000 røyster og gjekk vidare til andre valrunden mot den konservative Lojze Peterle, som fekk 28,7 % i første runde. I andre valomgangen, 11. november, vann han klart, med 68,0 % av røystene.

Han tapte presidentvalet i 2012 mot den sosialdemokratiske kandidaten Borut Pahor.

Danilo Türk er gift med Barbara. Dei har dottera Helena (fødd 1980).