Daniel Ecker, kjend som Danny Ecker, (fødd 21. juli 1977) er ein tysk tidlegare stavhoppar frå Leverkusen som ein tiårsperiode høyrde med i verdseliten i øvinga. Han vann bronsemedaljen i stavhopp under verdsmeisterskapen 2007 i Osaka. Mor hans, Heide Rosendahl, vann OL-gull i lengdehopp i 1972.

Danny Ecker

Aktiv endre

Ecker sette personleg rekord med 5,93 meter i Ingolstadt 26. juli 1998. Under europameisterskapen i Budapest få veker seinare vart han fjerdemann med 5,76 m, like høgt som bronsemedaljøren Jean Galfione. Også i VM 1999 enda han på fjerdeplass, delt med den komande olympiameisteren Nick Hysong. Den 11. februar 2001 presterte Ecker livsbeste då han svinga seg over 6,00 meter ved eit innandørs-stemne i Dortmund.

I mars 2007 vann Ecker stavtevlinga ved innandørs-EM i Birmingham då han vart fyrst av tre mann til å gå over 5,71 m. Seks månader etter sikra han seg bronsemedaljen ved å gå over 5,81 m og ha færrast riv av fem andre utøvarar som også enda med 5,81 m som sluttresultat.

Ecker var tysk meister i stavhopp 2004 og 2007, begge gongane etter hopp på 5,70 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre