Dansen strathspey

Strathspey (/stræθˈsp/) er ein type dansemusikk i 44 takt som inneheld ein synkopert rytme (både lang-kort og kort-lang «Scotch snap»), som tradisjonelt ofte blir spelt med nokså overdriven rytme. Nokre døme på strathspeyar er songane «The Bonnie Banks o' Loch Lomond»[1] og «Coming Through the Rye» (som byggjer på ein eldre tone kalla «The Miller's Daughter»).

«Loch Lomond» spelt av United States Air Force Reserve Band

Strathspeymusikk kan spelast mellom 108 beat per minutt til Highland-dans opp til 160 beat per minutt til steppdans. Tradisjonelt blir ein strathspey følgd av ein reel, som er i 22 takt med jamne åttandedelsnotar, som ei forløysing av den rytmiske spenninga skapt under strathspeyen.

Dansen har namn etter Strathspey i Skottland, eit område i Moray og Badenoch and Strathspey. «Strathspey» kan visa både til dansen og musikktypen ein vanlegvis dansar han til, sjølv om dansen også ofte kan dansast til ein pastoral air med same tempo. Eit døme på dette siste kan vera dansen Autumn in Appin dansa til melodien «The Hills of Lorne».[2] Ifølgje William Lamb var den fyrste bruken av ordet «strathspey» i samband med ein spesifikk dans i det anonyme Menzies-manuskriptet datert til 1749.[3] Strathspey er eit av danseslaga som er del av Scottish country dance. Eit Scottish country dance-sett er typisk sett saman av eit likt tal strathspeyar, jiggar og reelar. Strathspey-skritta er ein saktare, meir majestetisk versjon av hoppestega nytta til jig- og reeldans. Strathspey er også del av musikkformatet for tevlande sekkepipeband. Moderne sekkepipeband på høgt nivå må spela ein marsj, ein strathspey og ein reel ved ei typisk tevling.

På 1700- og 1800-talet blei det skrive mange strathspeyar av komponistar som William Marshall, James Scott Skinner og Magdalene Stirling, som nytta heile spennet til fela til å laga mange minneverdige verk. Skinner skilde mellom dansetonar, som heldt på staccato-bogebruk (Laird o Drumblair), og airar, som var meint å lytta til (Music of Spey). Angus Cumming stod bak den fyrste strathspeysamlinga av ein person frå Strathspey. Meir nyleg har Muriel Johnstone skrive nokre elegante strathspeyar for piano. I dag finst det minst fire, og somme vil sei sju, variantar av musikkstilen: den hoppande schottische, strong strathspey, song eller air strathspey, som alle tre kan nyttast til dansing, og tevlings-strathspey for stor Highland-sekkepipe, som hovudsakleg er meint for å visa virtuositet. Medan band- og solosekkepipe vanlegvis har ei komplisert, sterkt ornamentert form, kan tradisjonelle sekkepipespelarar ofte spela enklare, meir rytmisk drivne versjonar.

Innan irsk tradisjon er strathspeyar for det meste knytt til dei skotsk-påverka tradisjonane frå Donegal, der dei vanlegvis blir kalla highlands.[4] Til skilnad frå dei skotske motparatane sine blir highlands spelt med mjukare artikulasjon.[5]

I den nye verda skil Cape Breton-strathspey seg frå dei skotske versjonane gjennom at synkoperte «snaps» kan koma inn kva tid som helst i ein takt; musikken er blitt skildra som villare enn skotsk spel.[6]

Kjelder endre

  1. «The Bonnie Banks of Loch Lomond», www.sccs.swarthmore.edu, henta 9. juni 2023 
  2. «Dance: Autumn in Appin |». Scottish Country Dance Database (SCDDB). 
  3. Lamb, William. «Mr». Bagpipe News. National Piping Centre. Henta 20 April 2023. 
  4. Caoimhín Mac Aoidh. «The Donegal ‘Highland’ tunes: origins and movement of a dance-driven genre» (PDF) (på engelsk). Henta 5. juni 2023. 
  5. Vallely, F. (1999). The Companion to Traditional Irish Music. New York: New York University Press. pp. 385–386.
  6. The Strathspey Server. "the Cape Breton strathspey connection...".