Laurbærtysbast
(Omdirigert frå Daphne laureola)
Laurbærtysbast (Daphne laureola) er ein eviggrøn busk i tysbastfamilien.
Laurbærtysbast | |
Laurbærtysbast | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Kattostordenen Malvales |
Familie: | Tysbastfamilien Thymelaeaceae |
Slekt: | Tysbastslekta Daphne |
Art: | Laurbærtysbast D. laureola |
Vitskapleg namn | |
Daphne laureola |
Planten har ein opprett vekst og blir opptil ein meter høg, men er ofte lågare. Blomane er grøngule og duftar sterkt, og bæra er svarte når dei modne. Busken veks i skog, helst på kalkrike stadar.
Den naturlege utbreiinga til laurbærtysbast omfattar Vest- og Sør-Europa, Nord-Afrika og Asorane. Han er vanleg planta i hagar og er naturalisert i Danmark. Utanfor det naturlege utbreiingsområdet sitt kan planten bli til ein invasiv art. Han veks godt i underskog i temperert klima, og kan raskt ta over område, både gjennom frø- og rotspreiing, frå stadeigen vegetasjon. Han er rekna som eit uønskt ugras i delar av USA.[1]
Galleri
endre-
Blomar
-
Bær
-
Laurbærtysbast i England
Kjelder
endre- ↑ «Class B Noxious Weed». Arkivert frå originalen 21. august 2008. Henta 9. september 2008.
- Denne artikkelen bygger på «Laurbærtysbast» frå Wikipedia på bokmål og «Daphne laureola» frå Wikipedia på engelsk, den 8. november 2020.
Litteratur
endre- C. Grey-Wilson og M. Blamey; norsk utgave T. Faarlund og P. Sunding (1992). Teknologisk Forlags store illustrerte flora for Norge og Nord-Europa. Teknologisk Forlag. s. 244–245. ISBN 82-512-0355-4.
- J. Pedrol. «Daphne laureola».