Ein invasiv art er ein art som er introdusert av menneske til eit område utanfor sitt ophavlege utbreiiningsområde og som spreier seg ved eiga hjelp, som skadar økosystemet som dei blir introdusert i, har negative effekter på jordbruk og liknande, forårsakar økonomisk skade, eller påverkar helsa negativt hos dyr og menneske.

Fanga røyskatt i Fiordland National Park. Dyra er ein invasiv art på New Zealand.
Amerikansk kanin (Sylvilagus floridanus) omgjeven av introduserte planteartar han ikkje kan eta.

EksempelEndra

Utilsikta introduksjonEndra

Eksempel på utilsikta introduksjon er rovvatnloppe, som har følgd med balastvatn i skip frå Svartehavet til Austersjøen og Dei store sjøane i USA/Canada, og blitt invasiv og til skade for fiskenæringa.

Eit anna eksempel er parasittar og virus, som kan bli transportert til nye biotopar av flyttfuglar.

Tilsikta introduksjonEndra

Eit eksempel på tilsikta introduksjon, som slo heilt feil, er det forsøker ein ein gong gjorde i Australia med biologisk bekjemning av skadedyr. Frå England vart det eksportert sporvar med det formål at desse skulle ta kål på eit insekt, som skadde bøndene sine avlingar. Sporvane etablerte seg imdlertid så godt, at dei sjølv vart skadedyr og altså invasive.

Invasive artar i NoregEndra

I Noreg er det fleire artar som ein ser på som invasive. Mange av dei er med på Svartelista som er utarbeidd av Artsdatabanken.

Døme på invasive plantar er lupin, fagerfredlaus, kjempespringfrø, gravbergknapp, kanadagullris og kjempebjørnekjeks.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Invasiv art