Darfur er ein region i den vestre delen av Sudan. Namnet tyder heimen til furfolket. Regionen grensar mot Libya, Tsjad og Den sentralafrikanske republikken. Darfur har cirka 6 millionar innbyggarar. Han er delt i provinsane Shamal Darfur, Gharb Darfur og Janub Darfur. Dei to største byene er Nyala og Al Fasher.

Darfur
Land  Sudan
Areal 503 180 km²
Folketal 7 515 445 (2008)
Kart
Darfur
13°N 25°E / 13°N 25°E / 13; 25
Wikimedia Commons: Darfur
Kart over Darfur

Den nordlegaste delen av regionen er ein del av Saharaørkenen, medan den sørlege delen klimatisk høyrer til savannebeltet. Sentralt i Darfur finn vi eit høglandsområde. Det høgaste fjellet her er Jebel Marra. Dette er ein daud vulkan på ca. 3000 meter. Høglandsrområdet mottar relativt stabil med nedbør, noko som gjer det eigna for jordbruk. Randsonen mot ørkenen har tradisjonelt blitt utnytta av kamel- og sauenomadar, medan savannebeltet i sør er kjerneområdet for kvegdrift.

Folkegrupper og språk endre

Darfur er ein språkleg og etnisk samansett region. Rundt 40 prosent av innbyggarane har arabisk som morsmål. Dei arabisktalande er dels etterkomarar etter grupper som opphavleg utvandra frå den arabiske halvøya, dels opphavlege afrikanske folkegrupper som har blitt arabiserte. Arabisktalande grupper dominerer den sørlege og austlege delen av regionen, men det finst og ein minoritet av nomadiske arabisktalande grupper i nord og vest.

Furfolket er den største ikkje-arabiske folkegruppa i Darfur. Andre viktige ikkje-arabiske folkegrupper i Darfur er masalittane, zaghawaane, midobane og dajuane.

Kjelder endre