Savanne
Ei savanne er eit av dei større bioma på jorda og er ein slags mellomting mellom skog og steppe, eit grasdekt landskap med spreidde tre. Savanne finst i Afrika, Sør-Amerika og Australia.

Klima og jordsmonn Endra
Temperaturen er høg heile året. Årsnedbøren varierer mellom 250 mm på de tørraste savannene til 1800 mm på dei mest nedbørrike. Det er ein eller to tørketider. Jordsmonnet høyrer til lateritt-typen, men har på grunn av det tørrare klimaet høgare humusinnhald enn i den tropiske regnskogen.
Vegetasjon Endra
Gras dominerer landskapet. Dei fleste grasartane er høgvokste, men utstrekt beiting held graset nede. Det afrikanske elefantgraset kan nå høgder på 5 m.
Trea står enkeltvis eller i små holt. Mest vanleg er akasieartar. Trea tilpassar seg tørken på ulike måtar. Nokre artar fell blada i tørketida, medan andre har tjukke og nesten nåleforma blad. Dei hyppige brannane favoriserer artar som toler brann.
Fauna Endra
Dyrelivet på savannen er rikt. Det er eit mangfald av store, planteetande pattedyr (antiloper, sebra, gnu, sjiraff) og store rovdyr som jaktar på desse (løve), så vel som åtseletarar (hyene).
Av insekt finn ein termittar, grashopper, sirissar og talrike maur- og vepseartar.