Dario Cologna

Dario Alonzo Cologna (fødd 11. mars 1986) er ein sveitsisk langrennar frå landsbyen Santa Maria i Val Müstair i kantonen Graubünden. Han er olympisk meister 2010 på 15 km, samt verdsmeister 2013 og olympisk meister 2014 på 30 km fellesstart. Cologna vann verdscupen i langrenn både i 2009, 2011 og 2012.

Dario Cologna

20180128 FIS NC WC Seefeld Dario Cologna 850 2445.jpg

Statsborgarskap Sveits
Fødd 11. mars 1986 (35 år)
Santa Maria Val Müstair
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2014, Langrenn under Vinter-OL 2010 – 15 kilometer fristil menn, Langrenn under Vinter-OL 2014 – 15 kilometer klassisk menn, Langrenn under Vinter-OL 2014 – 30 kilometer skiathlon menn, Ski-VM 2009, Ski-VM 2011, Ski-VM 2013, Ski-VM 2015, Ski-VM 2017

Utmerkingar

Årets idrettsutøvar i Sveits

AktivEndra

Cologna debuterte i verdscupen i november 2006. To år seinare slo han seg for alvor inn i verdseliten med ein andreplass i eit verdscuprenn over 30 km i La Clusaz i desember 2008. Ein månad seinare vann han «Tour de ski» med god margin til toaren Petter Northug. Han vann også verdscupen den sesongen. I 2010-sesongen hamna han på tredjeplass i Tour de ski, før han vart olympiameister på 15-kilometeren i Vancouver. Totalt kom han på fjerdeplass i verdscupen 2010. I 2010/11 og på ny i 2011/12 vann han Tour de Ski, også desse gongane med Petter Northug på andreplass. Han vann også verdscupen 2011.

KjelderEndra