Opna hovudmenyen
Val Müstair
Horisonten til Val Müstair
Kommunevåpenet til Val Müstair
Kommunevåpenet til Val Müstair


Plassering
Val Müstair is located in
Styresmakter
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton Graubünden
Distrikt Inn
Geografi
Flatevidd
 - kommune

198,65 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

1 592
  8 /km²
Koordinatar 46°36′0″N 10°25′0″EKoordinatar: 46°36′0″N 10°25′0″E
Diverse annan informasjon
Postnummer 7537
Nettstad: www.muenstertal.ch

Val Müstair (tysk Münstertal, italiensk Val Monastero) er ein kommune og ein dal i distriktet Inn i den sveitsiske kantonen Graubünden. Kommunen har 1 592 innbyggjarar (2010) og eit areal på 200 km².

Dalen strekkjer seg inn i Italia og grensar til Fuornpasset, (2 149 moh) med Sør-Tyrol på andre sida og Vinschgau-Val Venosta (914 moh).

Kommunen vart skapt 1. januar 2009 då Tschierv, Fuldera, Lü, Valchava, Santa Maria Val Müstair og Müstair vart slått saman.

Benediktinarklosteret St. Johannes ved Müstair er ein verdsarvstad som truleg vart grunnlagd av Karl den store.

Dei viktigaste landsbyane i Val Müstair er Tschierv (1660 meter), Valchava (1412 meter), Santa Maria (1375 meter), Müstair (1247 meter) (i Sveits) og Taufers im Münstertal i Sør-Tyrol. Ingen av sidedalane er busette, men vegen over Umbrailpasset (og Stelviopasset) går via Santa Maria.

Største delen av dalen ligg i kantonen Graubünden i Sveits. Ein liten del ligg i regionen Trentino-Alto Adige (Sør-Tyrol) i Italia. Grensa går i om lag 1 245 meter høgd mellom Müstair og Taufers-Tubre på 1240 meter.

Elva som renn gjennom dalen er Ram (Il Rom eller Rombach).

Freske ved St. John, Müstair, om lag 800

KjeldeEndra

BakgrunnsstoffEndra