Dark Side av Blind Channel

song frå 2021 med Blind Channel
«Dark Side»
Song av Blind Channel
Land Finland
Språk Engelsk
Utgjeve 21. januar 2021
Sjanger Rap rock, nu metal[1]
Lengd 02:57
Selskap Frontiers
Låtskrivar(ar) Aleksi Kaunisvesi, Joonas Porko, Joel Hokka, Niko Moilanen, Olli Matela

«Dark Side» (norsk 'skuggesida' eller 'den mørke sida') er ein rockelåt frå 2021 som vert framført av den finske post-hardcore-gruppa Blind Channel. Songen vart utgjeven 21. januar 2021 og vann den finske songtevlinga Uuden Musiikin Kilpailu 20. februar 2021.[2] «Dark Side» var det finske bidraget til Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland, der han enda på sjetteplass.[3]

Om songen

endre

«Dark Side» er skriven av bandet sjølv: Aleksi Kaunisvesi, Joonas Porko, Joel Hokka, Niko Moilanen og Olli Matela. Bandet omtala songen som ein «anarkisk hymne til festane til mørkeret», og at den var eit perfekt uttrykk for kjernen til gruppa: «Vi vil vise at sjølv om livet er mørkare og tøffare, kan du framleis ha det moro».[4] Bandet seier vidare at songen er tileigna alle som «følar seg utanfor og utilstrekkeleg».[4][5]

«Dark Side» vart plukka ut som eit av sju bidrag til Uuden Musiikin Kilpailu 2021, den finske uttakinga til Eurovision Song Contest. I finalen 20. februar vann «Dark Side» ein solid siger med 551 poeng og vart det finske bidraget til Eurovision Song Contest.[6]

Eurovision Song Contest

endre

Finland vart trekt ut til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen gjekk av stabelen i Rotterdam Ahoy i Nederland torsdag 20. mai 2021. Der vart «Dark Side» nummer fem og kvalifiserte seg til finalen laurdag 22. mai 2021.[7] I finalen var songen det 16. bidraget på scena.[8] Den kom på sjetteplass med til saman 301 poeng frå sjåarane og juryane. I telefonavrøystinga var «Dark Side» det fjerde mest populære bidraget.[9]

Listeplasseringar

endre
Liste (2021) Høgaste

plassering

Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[10] 64
Belgia (Ultratip Flandern)[11] 1
Finland (Suomen virallinen lista)[12] 1
Hellas (IFPI Greece)[13] 17
Irland (IRMA)[14] 62
Island (Tónlistinn)[15] 10
Litauen (AGATA)[16] 5
Nederland (Single Top 100)[17] 22
Noreg (VG-lista)[18] 27
Storbritannia (UK Vert singla)[19] 66
Sveits (Schweizer Hitparade)[20] 39
Sverige (Sverigetopplistan)[21] 28
Tyskland (Deutsche offizielle Charts)[22] 51

Kjelder

endre
  1. «Wiwi Jury: Finland's Blind Channel with "Dark Side"». wiwibloggs. 24. april 2021. Henta 22. mai 2021. 
  2. «Dark Side by Blind Channel» (på engelsk). Arkivert frå originalen 22. januar 2021. Henta 21. februar 2021. 
  3. «Finland tunes in to Blind Channel» (på engelsk). 20. februar 2021. Henta 21. februar 2021. 
  4. 4,0 4,1 «Finland: Blind Channel wins UMK 2021 with "Dark Side"» (på engelsk). 20. februar 2021. Henta 21. februar 2021. 
  5. «Blind Channel tuo rockin takaisin UMK:hon kappaleellaan Dark Side» (på finsk). Henta 21. februar 2021. 
  6. «Blind Channel wins UMK 2021 – will represent Finland at Eurovision 2021 with "Dark Side"». 20. februar 2021. Henta 21. februar 2021. 
  7. «Eurovision 2021 Semi-final 2 Results». Henta 22. mai 2021. 
  8. «Grand Final of Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 22. mai 2021. 
  9. «Eurovision 2021 Results: Voting & Points». Henta 5. september 2021. 
  10. Hung, Steffen. «Blind Channel - Dark Side». Henta 5. september 2021. 
  11. «Blind Channel - Dark Side - ultratop.be». Henta 5. september 2021. 
  12. «Blind Channel Dark Side – Sijoitukset: Single» (på finsk). Henta 19. mars 2021. 
  13. «Official IFPI Charts Digital Singles Chart (International) Week: 21/2021». IFPI Greece. 7. juni 2021. Arkivert frå originalen 5. september 2021. 
  14. «IRMA – Irish Recorded Music Association». Henta 5. september 2021. 
  15. «TÓNLISTINN – LÖG vika 21–2021» (på islandsk). Tónlistinn Plötutíðindi. 31. mai 2021. Arkivert frå originalen 6. juni 2021. 
  16. «2021 21-os SAVAITĖS (gegužės 21-27 d.) SINGLŲ TOP100.» (på litauisk). 28. mai 2021. Henta 29. mai 2021. 
  17. Hung, Steffen. «Blind Channel - Dark Side». Henta 5. september 2021. 
  18. «Blind Channel». Henta 5. september 2021. 
  19. «BLIND CHANNEL | full Official Chart History | Official Charts Company». Henta 5. september 2021. 
  20. «Blind Channel - Dark Side - hitparade.ch». Henta 5. september 2021. 
  21. «swedishcharts.com - Blind Channel - Dark Side». Henta 5. september 2021. 
  22. «Blind Channel – Dark Side – Single». Offizielle Deutsche Charts. 28. mai 2021. Henta 5. september 2021.