Dart Moraine
Dart Moraine er eit område med ei brun morene som strekkjer seg 13 km sør for Radok Lake og Pagodroma Gorge og vest for Flaggstone Bench, ved austenden av Aramis Range i Prince Charles Mountains. Han vart fotografert av Australian National Antarctic Research Expeditions (ANARE) i 1956. Denne morenen vart kryssa mange gonger i januar–februar 1969 av J. Dart, ein radiotelegrafist med gruppa frå ANARE som slo leir ved Radok Lake på veg til flylandingsstripa som vart nytta til å sende forsyningar til leiren.[1]
Dart Moraine | |||
morene | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Mac. Robertson Land | ||
- koordinatar | 70°54′S 68°0′E / 70.900°S 68.000°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Dart Moraine 70°54′S 68°00′E / 70.9°S 68°E | |||
Kjelder
endre- ↑ «Dart Moraine». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 17. januar 2014.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Dart Moraine» (innhald frå Geographic Names Information System).