Darwin på månen

krater på Månen

Darwin er eit månekrater av typen som er kateogisert som ei slette med vegg. Det ligg søraust på månen, og er nær nok kanten til at det verkar å vere forkorta når ein ser det frå jorda. Ved sørkanten av krateret ligg Lamarck. I nordaust ligg det mørke krateret Crüger.

Darwin på månen

Bilete av Lunar Orbiter 4
Koordinatar19°48′S 69°06′W / 19.8°S 69.1°W / -19.8; -69.1
Diameter120 km
DjupneUkjend
Colengdegrad70° ved soloppgang
EponymCharles R. Darwin

Ytterkanten av denne formasjonen er blitt kraftig nedsliten av dei nærliggande nedslaga. Den sørlege og nordlege delen av kanten er særleg øydelagde. Austkanten er nedsliten, men intakt, og fleire småkrater ligg langs sørvestkanten. Satellittkrateret Darwin B er ein forholdsvis stor formasjon med diameter på 56 kilometer, og ligg langs den ytre vestkanten.

Delar av den indre botnen av Darwin har blitt endra med tida. Den sørlege botnen er berre grovt sett jamn, med irregulære flater og fleire mindre småkrater. Det ligg nokre sanddyneliknande åsar nordaust på botnen, som er overflatemateriale frå Orientale-havet som råka austkanten.[1] I vest står det ein stor, låg og noko ujamn dom, ein av få trekk ein ikkje finn i eit hav. Det finst òg restane av eit lite krater i sørenden av botnen.

Eit system av riller har skore seg over nordenden av botnen, og kryssar austkanten og held fram søraustover. Desse rillene har namnet Rimae Darwin, og dei strekkjer seg i ein avstand på kring 280 kilometer. Aust for Darwin kryssar dette rillesystemet Rima Sirsalis, ei brei rille som følgjer ei linje nordaustover.

Satellittkrater endre

Til vanleg er desse identifisert på månekart med ein bokstav ved sidan av kratermidtpunktet som er nærast Darwin.

Darwin Breiddegrad Lengdegrad Diameter
A 21.8° S 73.0° W 24 km
B 19.9° S 72.2° W 56 km
C 20.5° S 71.0° W 16 km
F 21.0° S 71.0° W 18 km
G 21.5° S 70.7° W 17 km
H 21.0° S 68.8° W 30 km

Kjelder endre

  1. The geologic history of the Moon, 1987, Wilhelms, Don E.; with sections by McCauley, John F.; Trask, Newell J. USGS Professional Paper: 1348. (online), Figure 7.8

Bakgrunnsstoff endre