Daterbreen er ein bratt dalbre i Antarktis, 26,5 km lang og frå 1 til 4,5 km brei, som flyt nordaust i eit svingete løp frå austsida av Vinson Massif til Rutfordstraumen som grensar til austsida av Sentinel Range i Ellsworth Mountains. I den nedre enden av Daterbreen fylt han saman med fronten av Ellenbreen, og dei to flyt vidare frå Sentinel Range som ein straum like nord for Flowers Hills.

Daterbreen
isbre
Land  Antarktis
Stad Ellsworth Land
 - koordinatar 78°17′S 84°35′W / 78.283°S 84.583°W / -78.283; -84.583
Lengd 26,5 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Daterbreen
78°17′00″S 84°35′00″W / 78.283333333333°S 84.583333333333°W / -78.283333333333; -84.583333333333
Daterbreen is located in Antarktis
Daterbreen (Antarktis)

Isbreen vart oppdaga i U.S. Navy-skvadron VX-6 på flyfotograferingsturane den 14–15. desember 1959, og kartlagt frå desse fotografia av US Geological Survey. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter Henry M. Dater, ein historikar i staben til prosjektleiar for U.S. Naval Support Force i Antarktis.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre