Død
(Omdirigert frå Daud)
Død eller daude er fråvær av liv og viser vanlegvis til opphøyret av liv i eit vesen eller ein organisme som har vore levande. Kroppen til ein som har døydd blir kalla eit lik.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d4/Dead_Vlei_Tree_central.jpg/220px-Dead_Vlei_Tree_central.jpg)
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/32/CORD-Gisant_Philippe_Gueldre.jpg/440px-CORD-Gisant_Philippe_Gueldre.jpg)
Definisjonar
endreDen juridiske definisjonen på død hos menneske er i Noreg eit irreversibelt, totalt opphøyr av alle funksjonane til hjernen. At hjernen ikkje verkar hindrar ikkje at andre organ kan leva vidare ei tid.