Gravferd er ein seremoni knytt til at nokon er død. Ho er ofte bygd opp rundt det å gje slepp på leivningane til personen, til dømes ved at dei blir lagt i ei grav eller kremert. Ei gravferd kan i mange høve ha religiøst innhald, men det finst òg sekulære seremoniar knytt til døde. Gravferda kan brukast til å minnast den avdøde på, og kan vera ein viktig del i ein sørgjeprosess. Ho kan også vera ein måte å visa status på, til dømes ved å vera påkosta og ha stort oppmøte av folk, eller det motsette.

Gravferd på ein norsk kyrkjegard i 2006.
Gravferdsopptog i Peru. Seks menn ber liket av den døde i ei kiste og heile følgjet er kledd i svart.

I eldre tid sa ein at ein «drakk gravøl», og sjølv om ein ikkje lenger drikk øl i gravferder er det framleis nokre som seier «gravøl» i staden for «gravferd».

Norske gravferdsreglar endre

Reglane om gravferd og kremasjon er i Noreg lovfesta i gravferdslova. Kremasjon kan berre skje på visse vilkår, og skal gjerast i eit krematorium. Etter § 12 skal gravferda skje seinast ti dagar etter dødsfallet. Dersom avdøde er kremert, er fristen 6 månader. Om ikkje dei næraste slektningane sørgjer for gravferda, ligg ansvaret til kommunen. Desse avgjer òg om kyrkja eller andre trudomssamfunn skal medverke ved gravferda.

Dersom den avdøde skal bli kremert eller gravleggjast ein annan stad, skjer den kyrkjelege seremonien ved ei bisetjing.

Ei grav er freda i tjue år; etter den tida kan ho nyttast til ny gravlegging. Ei urne kan setjast ned i ei kistegrav sjølv om fredningstida ikkje er gått ut. Kyrkjegarden kan ha vedtekter om lengre fredingstid.

I Den norske kyrkja er det fastsett ein eigen liturgi for gravferd.

Sjå og endre

Bakgrunnsstoff endre