Rift
Rift er eit geologisk omgrep for ei avlang trau- eller kløftforma forsenking som blir danna i område med fleire parallelle normalforkastingar som vender mot kvarandre. Særleg kjent er Riftdalen i Aust-Afrika. Riftsystem opptrer i samband med byrjande oppsprekking av ei kontinentalplate eller ved havbotnspreiing.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/14/Rift_segmentation.png/220px-Rift_segmentation.png)
Oslofeltet er ei såkalla paleorift, det vil seie at ho er ikkje lenger aktiv. Rifta utgjer heller inga vesentleg terrengmessig forsenking.
Sjå òg
endreKjelder
endre- «Rift» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013.