Riftdalen er eit enormt geografisk system av forsenkingar og store rifter som har oppstått gjennom rørslene til den afrikanske og den arabiske plata, som byrja fjerna seg frå kvarande for rundt 35 millioner år siden. Oppsprekkinga er framleis aktiv.

Den nordlege delen av Riftdalen. Sinaihalvøya ligg midt på bilete, med Daudehavet og Jordanelva over.

Riftdalen har ei lengd på om lag 6 400 km og går frå nordlege område av Syria i Sørvest-Asia til sentrale område av Mosambik i Aust-Afrika. Riftdalen er mellom 30 og 100 km brei, og frå eit par hundre til fleire tusen meter djup. Han vart namngjeven av utforskaren John Walter Gregory.

Geografi endre

Det store riftsystemet strekkjer seg frå Libanon i nord til Mosambik i sør. Den nordlegaste delen av Riftdalen dannar Beqaadalen i Libanon, som skil Libanonfjella frå Antilibanonfjella. Lenger sør dannar Daudehavsrifta Hulahdalen, mellom fjella i Galilea og Golanhøgda. Jordanelva har utspring her, og renn sørover gjennom Hulahsjøen til Genesaretsjøen, og vidare gjennom Jordandalen ut i Daudehavet på grensa mellom Israel og Jordan. Frå Daudehavet og sørover består Riftdalen av Wadi Arabah, så Akababukta og Raudehavet.

 
Jordandalen sett frå rommet

Den sørlege delen av Raudehavet markerer ei forgreining i rifta. Afar-triangelet eller Danakil-fordjupninga i Etiopia og Eritrea er eit mogeleg trippelpunkt der ein kanskje har ein mantelplum under. Adenbukta er den austlege forgreininga av kløfta, og før rifta opna seg var Den arabiske halvøya forbunde med Afrikas horn, og frå her held rifta fram som ein del av den midtoseaniske ryggen i Indiahavet. Sørvestover held forkastinga fram som Riftdalen, som deler det eldre etiopiske høglandet i to.

I Aust-Afrika deler dalen seg i to, Den austlege Riftdalen og Den vestlege Riftdalen.

Den vestlege Riftdalen, òg kalla Albertinerifta, ligg ved sida av nokre av dei høgaste fjella i Afrika, inkludert Virungafjella, Mitumbafjella og Ruwenzorifjella. Her ligg Riftdalsjøane, som inneheld nokre av dei djupaste innsjøane i verda (opp til 1 470 meter i Tanganyikasjøen). Victoriasjøen, den nest største ferskvassinnsjøen i verda, vert rekna som ein del av Riftdalsystemet, sjølv om han eigentleg ligg mellom dei to greinene. Alle Dei store sjøane i Afrika vart danna som eit resultat av rifta, og dei fleste ligg i Riftdalen.

I Kenya er dalen djupast nord for Nairobi. Sidan innsjøane i Den austlege Riftdalen ikkje har utløp til sjøen, er desse grunnare med høgare mineralinnhald enn innsjaøne i den vestlege dalen. Årsaka til dette er at fordamping fjernar vatn frå innsjøane, men ikkje saltet, som vert liggande att. Til dømes har Magadisjøen eit høgt innhald av soda (natriumkarbonat), og Elmenteitasjøen, Baringosjøen, Bogoriasjøen og Nakurusjøen er alle svært alkaliske, medan Naivashasjøen må ha ferskvasskjelder for å oppretthalde det biologiske mangfaldet sitt.

 
Riftdalen nær Eldoret i Kenya

Geotermisk aktivitet endre

Forminga av Riftdalen er ein kontinuerleg prosess, som sannsynlegvis vert driven av mantelplumer og den store landhevinga av Afrika. Den assosierte geotermiske aktiviteten og spreiinga i rifta har ført til at litosfæren her berre er om lag 20 km tjukk, mot normalt 100 km andre stader. Sjølv om det er vanleg at ei av greinene i eit trippelpunkt sviktar, kan vidare spreiing føre til at litosføren kan briste millionar av år fram i tid, og dermed spalte av Aust-Afrika og danne ein ny landmasse. Ei slik hending vil altså forme ein ny midtoseanisk rygg.

Den vulkanske aktiviteten i dalen og den uvanlege konsentrasjonen av søylestraumar, har produsert dei vulkanske fjella Kilimanjaro, Mount Kenya, Karisimbi, Nyiragongo, Meru og Elgon, i tillegg til Kraterhøglandet i Tanzania. Vulkanen Ol Doinyo Lengai er framleis aktiv, og er fortida den einaste karbonatittvulkanen i verda.

Oppdagingar rund menneskeleg evolusjon endre

Riftdalen har mange fossil som gjer at ein kan studere evolusjonen av mennesket, særleg i området kjend som Piedmont. Fordi det raskt eroderte høglandet har fylt dalen med sedment, er dette eit gunstig miljø for bevaring av leivningar. Bein frå fleire hominidar, føregjengarar til det moderne mennesket, er oppdaga her, mellom anna leivningane til «Lucy», eit nesten komplett skjelett av Australopithecus, som vart oppdaga av antropologen Donald Johanson. Richard og Mary Leakey har òg gjort omfattande arbeid i området.