Dauphin
(Omdirigert frå Dauphin av Frankrike)
Le Dauphin var tittelen til tronarvingen til den franske trona under Valois- og Bourbon-dynastia.
Guy VIII, greven av Vienne, hadde ein delfin på våpenskjoldet sitt og fekk tilnamnet le Dauphin (fransk for delfin). Denne tittelen vart ført vidare i slekta fram til 1349, der Humbert II selde eigedomane sine, kalla Dauphiné, til kong Filip VI med vilkåret om at at tronarvingen til Frankrike skulle ha tittelen le Dauphin.
Den første franske prinsen som vart kalla le Dauphin var Johan II, som overtok trona etter Filip. Den siste var hertugen av Angoulême, son av Karl X, som sa frå seg tittelen i 1830.
Liste over Dauphinar (1349–1830)
endre- Charles (framtidig Karl V av Frankrike) 1349–1364
- Charles (framtidig Karl VI av Frankrike) 1368–1380
- Charles 1389
- Charles 1392–1401
- Ludvig, Duc de Guyenne 1401–1415
- Jean, Duc de Touraine 1415–1417
- Charles (framtidig Karl VII av Frankrike) 1417–1422
- Ludvig (framtidig Ludvig XI av Frankrike) 1423–1461
- Charles (framtidig Karl VIII av Frankrike) 1470–1483
- Charles-Orland 1492–1495
- Charles 1496
- François 1497–1498
- François, Duc de Bretagne 1518–1536
- Henri, tidlegare Duc d'Orléans (framtidig Henrik II av Frankrike) 1536–1547
- François (framtidig Frans II av Frankrike) 1547–1559
- Louis (framtidig Ludvig XIII av Frankrike) 1601–1610
- Louis (framtidig Ludvig XIV av Frankrike) 1638–1643
- Louis, le Grand Dauphin 1661–1711
- Louis, Duc de Bourgogne, le Petit Dauphin 1711–1712
- Louis, Duc de Bretagne 1712
- Louis (framtidig Ludvig XV av Frankrike) 1712–1715
- Louis 1729–1765
- Louis-Auguste, tidlegare Duc de Berry (framtidig Ludvig XVI av Frankrike) 1765–1774
- Louis-Joseph 1781–1789
- Louis-Charles, Duc de Normandie (framtidig titulert Ludvig XVII av Frankrike) 1789–1791 (i 1791 vart tittelen hans endra til Prince Royale)
- Louis-Antoine, Duc d'Angoulême (framtidig titulert Ludvig XIX av Frankrike) 1824–1830