Johan II av Frankrike
Johan II (fødd 16. april 1319 i Orléans, daud 8. april 1364 i London), med tilnamnet den gode, var konge av Frankrike frå 1350 til 1364. Han var son av Filip VI og Johanna av Burgund.
Johan II av Frankrike | |||
| |||
Konge av Frankrike | |||
fransk | Jean II, Jean le Bon | ||
---|---|---|---|
Fødd | 26. april 1319 | ||
Fødestad | Le Mans | ||
Død | 8. april 1364 | ||
Dødsstad | London | ||
Gravstad | Klosterkyrkja Saint-Denis | ||
Føregangar | Filip VI av Frankrike | ||
Etterfølgjar | Karl V av Frankrike | ||
Gift med | Bonne av Luxemburg, Jeanne Ire d'Auvergne | ||
Dynasti | Huset Valois | ||
Far | Filip VI av Frankrike | ||
Mor | Johanna av Burgund | ||
Born | Karl V av Frankrike, Louis Ier d'Anjou, Johan I av Berry, Philippe II de Bourgogne, Johanne av Valois, Marie av Valois, Isabella av Valois |
Han gifta seg i 1332 med Bonne av Luxemburg (1316-1349), ho døydde av pest. Ho var syster til keisar Karl IV av det tysk-romerske riket.
Barn
endre- Karl V av Frankrike
- Marie av Frankrike, gift med ein hertug av Bar.
- Ludvig, hertug av Anjou, fødd 1339, greve av Provence 1381–1384 og titulærkonge av Jerusalem, gift med Marie av Bretagne.
- Johan av Berry
- Filip II av Burgund, (?-1404) gift med Margareta av Flandern.
- Jeanne, gift med Karl II av Navarra.
- Isabella av Frankrike, (?-1371), gift med Gian Galeazzo av Milano.
Johan vart gift i 1350 med Johanna I av Auvergne, (1326-1361). Ho døydde òg av pest.
I løpet av Johan II si tid som regent vart Frankrike invadert av England, seinare er dette rekna som ein del av hundreårskrigen. I 1356 vart Johan teken til fange i Poitiers. I 1360 gav Frankrike frå seg landområde og betalte løysepengar for få kongen frigjeven. I løpet av innsamlinga av løysepengar vart Johan II sett fri mot eit gissel. Då gisselet rymde vende han friviljug attende til fangenskapet. Han døydde i London.