Dave Ball
David J. Ball (fødd 30. mars 1950 i Handsworth i Birmingham i England, død 1. april 2015)[1] var ein engelsk gitarist kjend som Dave Ball.
Dave Ball | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 30. mars 1950 Handsworth |
Død | |
Yrke | musikar, gitarist |
Språk | engelsk |
Medlem av | Procol Harum |
I 1971 vart han medlem av Procol Harum, og erstatta Robin Trower som hadde slutta for å starta sitt eige band. Ball svarte på ei annonse i Melody Maker. Han er med på det bestseljande konsertalbumet Procol Harum Live with the Edmonton Symphony Orchestra, men forlét gruppa under innspelinga av albumet Grand Hotel i 1973. Han starta gruppa Bedlam med broren Dennis og trommeslagaren Cozy Powell, som gav ut eit album på Chrysalis Records, men gruppa vart oppløyst etter kort stund. Han spelte òg i lag med Long John Baldry på Baldry-albumet Good to be Alive i 1973.[2] Ball døde av kreft i 2015.[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dave Ball (musician)» frå Wikipedia på engelsk, den 12. mai 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Dave Ball», procolharum.com
- ↑ Radio Azzurra
- ↑ «Tributes paid to Dave Ball, former guitarist of Procol Harum» Arkivert 2015-04-11 ved Wayback Machine., Burton Mail, April 08, 2015