Davey Point er eit kjenneleg, klipperikt nes 3 nautiske mil sørvest for Round Point på nordkysten av King George Island i Sør-Shetlandsøyane. Det vart kartlagd og namngjeve Round Island av eit lag frå Discovery Investigations«Discovery II» i 1935, men flyfoto viste seinare at det var eit nes og ikkje ei øy. Sidan det alt fanst eit nes kalla Round Point på King George Island vart det nye namnet gjeve av UK Antarctic Place-Names Committee i 1960. Davey Point er kalla opp etter Graham J. Davey, ein assisterande landmålar i Falkland Islands Dependencies Survey ved Admiralty Bay i 1957 og 1958, som triangulerte King George Island og forlenga denne trianguleringa til Nelson Island, Robert Island og Greenwich Island.[1][2]

Davey Point
nes
Land  Antarktis
Stad Sør-Shetlandsøyane
 - koordinatar 61°58′S 58°34′W / 61.967°S 58.567°W / -61.967; -58.567
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Davey Point
61°58′00″S 58°34′00″W / 61.9667°S 58.5667°W / -61.9667; -58.5667
Davey Point is located in Antarktis
Davey Point (Antarktis)

Kjelder

endre
  1. «Davey Point». Gna-GeographicNamesOfTheAntarctic1stEdition1981_djvu. s. 505. Henta 7. desember 2012. 
  2. «Davey Point». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 7. desember 2012.