David Brabham
David Brabham (fødd 5. september 1965) er ein australsk motorsportutøvar. I åra 1990 til 1994 køyrde han Formel 1 for laga Brabham og Simtek. Han har og ei rekkje år køyrd 24-timarsløpet i Le Mans som han vann i 2009, han har dessutan to klassesigrar, begge i GT1-klassen, frå 2007 og 2008.
David Brabham er den yngste sonen til Sir Jack Brabham, som vart trippeltverdsmeister i Formel 1.