24-timarsløpet i Le Mans er eit motorsportløp som vert halde årleg i byen Le Mans i Frankrike, heilt sidan 1923. Løpet vert organisert av Automobile Club de l'Ouest og varar i 24 timar i strekk. Ein konkurrerer i 4 klassar: Le Mans Prototypes 1 og 2, som er særbygde sportsvognprototypar og 2 GT-klassar for produksjonsbaserte sportsbilar.
24timarsløpet i 2007.
Den mestvinnande føraren i 24-timarsløpet er dansken Tom Kristensen, som har vunne løpet 8 gongar.
Løpet er særleg kjend av di størstedelen av den ca 13 km lange bana til dagleg er offentleg veg.
Mest kjend er "Hunaudieres" langstrekket på baksida av bana – ofte omtalt som "Mulsanne-raka" (Mulsanne-strait") – ettersom dette er vegen mellom Le Mans by og landsbyen Mulsanne. Fartsrekorden på Hunaudieres er på over 400 km/t. I dag går det noko saktare på denne langsida som har fått to sjikaner som skal senke farten.
24-timarsløpet i Le Mans har vore «hovudpersonen» i filmar to gonger:
I 1971 kom filmen Le Mans som vart laga av Steve McQueen. Filmen har lite handling utanom bilkøyringa, men den er til gjengjeld spektakulær. Filmen vart laga delvis under løpet i 1970, og delvis under løpet året etter.
I 2003 kom Michel Valliant, ei filmatisering av teikneserien med same namn. I Noreg gjekk filmen rett på DVD. Filminga er gjort under løpet i 2002, der produsentane fekk lov til å filme om dei utvida pitlane. Frå 2002 er det difor 50 plassar i løpet og ikkje berre 48 som tidlegare. Dessutan måtte sjåførane som skulle vere med å filme under løpet, kvalifisere seg på vanleg måte. Bilane som vert køyrd av hovudpersonane er Courage C60 (Valliant), og Panoz LM (Leader).
Danske Tom Kristensen har vunne Le Mans heile 8 gongerReklameplakat for 1923 utgåva, det første Le Mans.Bentley frå 1929.Lagonda frå 1938.Ford GT40 frå 1965 - 1969.Porsche 917 Kurzheck 4.5L, vann i 1970.Porsche 962C frå 1988.Porsche AG kom på andre plass dette året med bil nr.17.Corvette C6R frå 2005.Corvette Racing vann GT1-klassen dette året med systerbilen nr. 64Allan McNish køyrde i 2008 bil nr. 2, ein Audi R10 TDI som vann 24-timarsløpet dette året.