David Davidsen

norsk politikar

David Davidsen (16. desember 186228. juli 1945) var ein norsk fiskar og oppsynsmann frå Åkra i Rogaland. Han representerte einmannskrinsen KarmsundStortinget 1919-21.

David Davidsen
Fødd16. desember 1862
Død28. juli 1945 (82 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar
Alle verv

Davidsen var fødd på garden Munkejord i Åkra og dreiv fiske frå barneåra, jamsides arbeidde han på farsgarden til han gifta seg. Vinteren 1878/79 var han elev på amtsskulen. Han slo seg ned i Åkrehamn og dreiv fiske frå seglskøyte. Perioden 1911-35 var han oppsynsmann under vårsild- og torskefisket. Elles skøytte han til levemåten med ein del inkasso- og assuranseverksemd. Han var styrar av Aakrehavn Assuranseforening til 1945. Vidare var han styreleiar («direktør») i Skudesnes & Aakra Sparebank frå 1927 til 1942. Han var i si tid formann i i fattigstyret i Åkra, like eins i likningsnemnda, samt forlikskommissær.

Ved stortingsvalet 1918 vart Davidsen vald til å representere Karmsund og partiet Venstre på Stortinget. På Tinget var han medlem i Lønningskomiteen. Tidlegare hadde han vore medlem i Den departementale snurpenotkomiteen av 1914 og av Komiteen om støtte til fiskeribedriften m. m. av 1919.

Kjelder endre