Days av The Kinks

«Days»
Singel av The Kinks
B-side

«She's Got Everything»

Utgjeve 28. juni 1968
Innspelt 23. og 27. mai 1968 i Pye Studios (No. 2), London
Sjanger Rock
Lengd 2:54
Selskap Pye 7N 17573 (UK)
Reprise 0762 (US)
Tekstforfattar Ray Davies
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Ray Davies
The Kinks-kronologi 
«Wonderboy»
(1968)
«Days» «Plastic Man»
(1969)


«Days» er ein song av The Kinks frå 1968 skriven av Ray Davies. Songen vart gjeven ut på singel og var opphavleg meint som ein del av albumet The Kinks Are the Village Green Preservation Society, der det i dag finst som eit bonusspor på CD-utgåva.

Musikalsk er songen ein slags livleg ballade. Teksten er bittersøt på typisk Davies-maner. Songaren syng teksten til ein tidlegare kjærast som anten har gått frå han eller døydd. Personen er takknemleg for dagane dei hadde i lag. Teksten omhandlar korleis kjærasten framleis påverkar personen som syng han, «Though you're gone, you're with me every single day, believe me.»

Songen var ein viktig singel for Davies og The Kinks, og kom ut i løpet av eit år då salstala fall for bandet. Songen var meint som eit albumspor, men etter at den førre singelen, «Wonderboy», selde dårleg vart «Days» raskt gjeve ut som singel i lag med «She's Got Everything». Singelen nådde 12. plass i Storbritannia, men gjekk ikkje inn på lista i USA. Dette hjelpte ikkje dei neste singlane som ikkje klarte å nå Topp 30 i Storbritannia.

Andre utgåver endre

Kirsty MacColl spelte inn «Days» på albumet Kite i 1989. Han vart gjeven ut som singel og nådde 12. plass i Storbritannia, same plasseringa som The Kinks hadde klart med originalen i 1968.

Andre artistar som har spelt songen er Petula Clark på albumet Petula i 1968, James Last i 1969 og Elvis Costello i 1991.

Kjelder endre