Ein definisjon er ei presis avgrensing av tydingsinnhaldet i eit ord, uttrykk eller omgrep.

Forklaringa skal føre til at alle som les eller høyrer ordet eller uttrykket vil ha same forståing av tydinga. Når ein til dømes utarbeider ein lov er dette svært viktig, og vert gjerne teke inn som ein av dei første paragrafane i loven. I leksikon og mange oppslagsverk er det sjølve definisjonen som er det vesentlege i innhaldet.

Intensjon og ekstensjon endre

Vi kan seie at setninga «A er ein B» tyder at A er medlem i mengda B, t.d. kan dette vere sant for setninga «Alfhild er ei brunette» viss Alfhild er medlem av mengda «brunetter».

Ein intensjonal definisjon gjev naudsynte og tilstrekkelege krav for at noko er medlem av ei viss mengd. For dømet over kunne ein ekstensjonal definisjon kravd at A har brunt hår og er kvinneleg.

Ein ekstensjonal definisjon er ein definisjon ved opprekning. Denne gjev ganske enkelt alle medlemmene av ei mengd. For dømet over kunne dette vore ei liste over alle brunetter.

Sjå òg endre