Opna hovudmenyen

Degania Alef (hebraisk דְּגַנְיָה א', D'ganya Alef) er ein kibbutz nord i Israel. Han høyrer til Emek HaYarden regionale kommune og var den første kibbutzen i Israel. Han vart grunnlagd i 1909. [2]

Degania Alef
landsby
PikiWiki Israel 4368 delonix regia.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Jordandalen
Distrikt Nord distrikt
Kommune Emek HaYarden
Koordinatar 32°42′29.16″N 35°34′29.63″E
Folketal 517 (2008) [1]
Grunnlagd 1910
 - Grunnlagd av = Jødiske pionerar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Degania Alef
Nettstad: www.degania.org.il

HistorieEndra

 
Den første hytta, Umm Juni.

Degania Alef var den første kibbutzen som vart grunnlagd av jødiske sionist-pionerar i Palestina, då under osmansk styre. Han vart grunnlagd av ei gruppe på ti menn og to kvinner.[3][4] Degania Bet vart grunnlagd i sør i 1920. Den 20. mai 1948 under slaget i Kinarotdalen dreiv Degania Alef og Degania Bet attende eit syrisk åtak.[4]

Diktaren Rachel, «arbeidarprofeten» A.D. Gordon og Joseph Trumpeldor arbeidde alle i Degania Alef. Gideon Baratz var det første barnet som var fødd i kibbutzen og Moshe Dayan var det andre. Dayan vart kalla opp etter Moshe Barsky, det første kibbutz-medlemmet som vart drepen i eit arabisk åtak.[5] Barsky vart drepen i november 1913. Han var aleine på markene då han vart skoten i ryggen av arabiske bandittar.[6]

Begge Degania-landsbyane ligg langs sørbreidda av Genesaretsjøen. I 1947 hadde Degania Alef eit folketal på 380. Under den israelsk-arabiske krigen i 1948 vart busetnaden fullstendig øydelagd av den syriske hæren.[7] I følgje ei bok frå 1949 av Jewish National Fund vart landsbyen øydelagd under åtak på dei nærliggande jødiske landsbyane Shaar Hagolan og Massada. Innbyggjarane gjorde motstand og sette i gang eit motåtak og gjorde at dei kunne vinne attende nabolandsbyane. Gjenoppbygginga starta nesten med ein gong. Namnet kjem frå «dagan», som tyder «korn».[8]

KjelderEndra

  1. «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2008. Henta 10. oktober 2014. 
  2. Adult children of the dream, Jerusalem Post
  3. http://www.degania.org.il/eng/general.htm
  4. 4,0 4,1 Mapa's concise gazetteer of Israel. Yuval El'azari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 125. ISBN 965-7184-34-7.  (he)
  5. Taslitt, Israel Isaac (1969). Soldier of Israel: the story of General Moshe Dayan. s. 8: Funk and Wagnalls. 
  6. La Guardia, Anton (2002). War without end: Israeli, Palestinians, and the struggle for a promised land. s. 113: Macmillan. 
  7. Martin Van Creveld (2002). The sword and the olive: a critical history of the israelske defense force. PublicAffairs. s. 79,82 180. ISBN 1-58648-155-X. 
  8. Jewish National Fund (1949). Jewish Villages in Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 31. 

BakgrunnsstoffEndra