Opna hovudmenyen

Dei fem K-ane i sikhismen

(Omdirigert frå Dei fem K-ane)
Tre av dei fem K-ane: Kangha (kam), kara (armband) og kirpan (kniv).

Dei fem K-ane (panjabi pañj kakke) er fem ting sikhar alltid har med eller på seg.[1] Dei fem K-ane er: Kesj (uklipt hår), kaṛa (stålarmband), kangha (kam), katjha (underbrok) og kirpán (sabel eller dolk). Dei blir brukte av mannlege og kvinneleg sikhar som har gått inn i khalsaen.[1]

Dei fem K-ane er ikkje berre symbol. Guru Gobind Singh gav ordre til etterfylgjarane sine om å bere dei fem K-ane, så dei aktivt kunne bruke dei for å gjere ein forskjell i deira eigen og andre sin spiritualitet.[treng kjelde]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Bowker, John (2000). «Five Ks». The Concise Oxford Dictionary of World Religions. Oxford University Press. 
  Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.