Dei kvite Karpatane

Dei kvite Karpatane (tsjekkisk Bílé Karpaty; slovakisk Biele Karpaty) er den vestlegaste fjellkjeda i Karpatane. Dei er ein del av Dei slovakisk-moraviske Karpatane og ligg på grensa mellom Tsjekkia og Slovakia. Det høgaste fjellet er Veľká Javorina på 970 meter over havet, etterfølgd av Chmeľová på 926 moh., Makyta på 923 moh. og Veľký Lopeník på 911 moh.

Vršatec
Plasseringa til Dei kvite Karpatane

Det ligg verna landskapsområde på begge sider av fjellet, Biele Karpaty landskapsvernområde i Slovakia, grunnlagd i 1979 og Bíle Karpaty landskapsvernområde i Tsjekkia, grunnlagd i 1980. Desse områda har eit rikt dyre- og planteliv og nokre av artane er endemiske, særleg nokre orkidéar som berre veks på engene i Dei kvite Karpatane.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

49°00′N 18°00′E / 49.000°N 18.000°E / 49.000; 18.000