Deir al-Ghusun
Deir al-Ghusun (arabisk دير الغصون) er ein palestinsk by i Tulkarm guvernement, åtte kilometer nordaust for byen Tulkarm nord på Vestbreidda. Byen ligg nær Den grøne linja (grensa mellom Israel og Vestbreidda). Byen hadde eit folketal på 8 242 i 2007.[2] Han ligg 200 meter over havet.
Deir al-Ghusun | |||
دير الغصون, Deir al-Ghusoun, Dayr al-Ghusoun | |||
kommune | |||
Namneopphav: Kvistekosteret[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Tulkarm guvernement | ||
Koordinatar | 32°21′11.15″N 35°04′37.08″E / 32.3530972°N 35.0769667°E | ||
Areal | 13,1 km² | ||
Folketal | 8 242 (2007) | ||
Folketettleik | 629 / km² | ||
Bystatus | 1997 | ||
Borgarmeister | Nasuh Badran | ||
Deir al-Ghusun 32°21′11″N 35°04′37″E / 32.353097222222°N 35.076966666667°E | |||
Kart som viser Deir al-Ghusun.
| |||
Wikimedia Commons: Deir al-Ghusun | |||
Nettstad: www.deiralghusoon.com |
Historie
endreDeir el-Ghusun kan ha vore landsbyen som er markert som «El Dair» på kartet til Pierre Jacotin under invasjonen til Napoleon i 1799.[3] På midten av 1800-talet vart han kjend for bomullsproduksjonen.[4]
I 1863, seint i den osmanske perioden, vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen og skriv at han låg sør for Attil. Han skildra han som ein stor landsby på ei høgd.[5] I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine han som «ein landsby av moderate storleik, på ei høgd, med ein brunn i vest. I nord ligg eit ope, lågt lende. Han er omgjeve av flotte olivenlundar, som dekkjer området kring ein kilometer mot sør.»[6]
Under den arabisk-israelske krigen i 1948, vart 14 000 mål teken av Israel. I dag er det totale arealet kring 13 000 mål der 2 268 er utbygd område.[7]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Deir al-Ghusun» frå Wikipedia på engelsk, den 19. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, Herbert H. (1882). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 2. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Guérin, Victor (1875). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine. Vol 2 Samarie, pt. 2.
- Hadawi, Sami (1970). Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine. Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral.*Hadawi, Sami (1970). Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine. Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral.
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. (p. 137?)
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- ↑ Palmer, 1881, s. 181
- ↑ 2007 PCBS census. Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS). s. 107.
- ↑ Y. Karmon (1960). «An Analysis of Jacotin's Map of Palestine». Israel Exploration Journal 10 (3): 155–173.
- ↑ Beshara Doumani (1995). Rediscovering Palestina: Merchants and Peasants in Jabal Nablus. Berkeley: University of California Press.
- ↑ Guérin. 1875, s. 345
- ↑ Conder og Kitchener, 1882, s. 152
- ↑ Closing of all the local agricultural roads in Deir Al Ghusun town Arkivert 2011-05-19 ved Wayback Machine. Applied Research Institute-Jerusalem (ARIJ) and Land Research Sentral (LRC).