Attil
Attil (arabisk عتيل) er ein palestinsk by i Tulkarm guvernement aust på Vestbreidda, 12 kilometer nordaust for Tulkarm. Attil er eit knutepunkt mellom andre landsbyar og Tulkarm. Han grensar til Illar i aust; Baqa ash-Sharqiyya i nord; den grøne linja i vest og Deir al-Ghusun i sør. Fjella som ligg kring byen er mellom anna Nabhan, Aboora, Asad og Shehadeh. Attil ligg 100 meter over havet og dekkjr eit område på 7,337km2.
Attil | |||
عتيل | |||
kommune | |||
Namneopphav: «Streng»[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Tulkarm guvernement | ||
Koordinatar | 32°22′09.78″N 35°04′18.49″E / 32.3693833°N 35.0718028°E | ||
Areal | 7,3 km² | ||
Folketal | 9 038 (2007) | ||
Folketettleik | 1 238 / km² | ||
Attil 32°22′10″N 35°04′18″E / 32.369383333333°N 35.071802777778°E | |||
Kart som viser Attil.
| |||
Wikimedia Commons: Attil |
Attil hadde eit folketal på 9 038 i 2007 i følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå.[2]
Historie
endreAttil går attende til oldtida og ligg på ein ved kanten av nokre sletter. Det er funne fragment av mosaikkgolv og søylegangar frå ei kyrkje, i tillegg til cisterner hogge ut i berget. Her finst òg grotter.[3]
Osmansk tid
endreAttil vart, som resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket i 1517, og i skattelistene i 1596 var han ein del av Jabal Sami nahiya, som var under Nablus liwa. Landsbyen hadde eit folketal på 59 hushaldningar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, tilfeldige inntekter, bikubar og/eller geiter, og ei olivenoljepresse, eller presse for druesirup.[4]
Seint i osmansk tid, i 1852, skildra den amerikanske vitskapsmannen Edward Robinson landsbyane Zeita og Jett på veg til 'Attil. Om 'Attil sjølv skreiv han at det var ein «stor landsby», på ei høgd med sletter i nord og sør.[5]
I 1863 passerte den franske oppdagaren Victor Guérin forbi og skreiv at landsbyen òg vart kalla Deir Attil.[6]
I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine landsbyen som stor, på ein ås ved ei slette og omgjeve av små olivelundar.[7]
Det britiske mandatet
endreI ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Attil eit folketal på 1 656, alle muslimar.[8] I folketeljinga i 1931, hadde Attil, i lag med Jalama, Al-Manshiyya og Zalafa i alt 2207 innbyggjarar, alle muslimar utanom ein drusarar, fordelt på 473 hus.[9]
I 1945 var folketalet i Attil 2 650 arabarar, som eigde 7 337 mål land i følgje ei offisiell landmåling.[10] 4 011 dekar var plantasjar og irrigert land, 2 527 nytta for korn,[11] medan 86 dekar vart utbygd (urbant) land.[12]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Attil» frå Wikipedia på engelsk, den 19. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1882). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 2. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Dauphin, Claudine (1998). La Palestine byzantine, Peuplement et Populations. BAR International Series 726 (på fransk). III : Catalogue. Oxford: Archeopress.
- Guérin, Victor (1875). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine (på fransk). 2: Samarie, pt. 2. Paris: L'Imprimerie Nationale.
- Hadawi, Sami (1970). Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine. Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral.
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. ISBN 3-920405-41-2.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Robinson, Edward; Smith, Eli (1856). Later Biblical Researches in Palestine and adjacent regions: A Journal of Travels i year 1852. London: John Murray.
- ↑ Palmer, 1881, s. 179
- ↑ 2007 PCBS census. Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS). s. 107.
- ↑ Dauphin, 1998, s. 757
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 126
- ↑ Robinson and Smith, 1856, s. 124.
- ↑ Guérin, 1875, s. 345
- ↑ Conder og Kitchener, 1882, SWP II, s. 151
- ↑ Barron, 1923, Table XI, Tulkarm underdistrikt, s. 27
- ↑ Mills, 1932, s. 53
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 74
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 124
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 174