Saarbrücken er ein by i Tyskland og hovudstad i delstaten Saarland med om lag 180 000 innbyggjarar. Byen ligg i hjarte av eit storbyområde med 1,1 millionar menneske.

Saarbrücken
Horisonten til Saarbrücken
Horisonten til Saarbrücken
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Saarbrücken
Saarbrücken is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Saarland
Ingen
Kreisfri by
Geografi
Flatevidd
 - By

167,07 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

180 515
  1 080/km²
Koordinatar 49°14′0″N 7°00′0″E / 49.23333°N 7.00000°E / 49.23333; 7.00000
Høgd over havet 230 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 66001-66133
Telefon-retningsnummer 0681, 06893, 06897, 06898, 06805
Bilnummer SB
Heimeside: www.saarbruecken.de

Saarbrücken var tidlegare eit industri- og transportsenter for kol, og fabrikkar her produserte jern og stål, sukker, øl, keramikk, optiske instrument, maskinar og byggematerialar. Dei siste tiåra har derimot industrien i Saarland vore i nedgang.

Historiske landemerker i byen er mellom anna ein steinbru over elva Saar (1546), den gotiske kyrkja St Arnual, Saarbrücker Schloss frå 1700-talet og delar av gamlebyen St. Johanner Markt. I 1815 kom Saarbrücken inn under Preussen og i to periodar på 1900-talet (1919-1935 og 1945-1957) var Saarland under fransk styre. Av den årsak og sidan han ligg nær den franske grensa, har område vorte påverka av Frankrike.

I moderne tysk kan namnet Saarbrücken sjå ut til å tyde Saar sine bruer (Brücken er tysk for bruer), men namnet oppstod minst 500 år før den første brua vart laga her. Det historiske namnet på byen er eigentleg Sarabrucca, som kjem av det gamalhøgtyske ordet Brucca, som vart Brockenhøgtysk (steinar eller rullesteinar).

Historie endre

Saarland-området vart ein del av Romarriket i det 1. hundreåret, og kom seinare inn under frankarane. I 925 vart det ein del av Det tysk-romerske riket, men vart framleis sterkt påverka av Frankrike.

Frå 1381 til 1793 var grevane av Nassau-Saarbrücken dei lokale herskarane. Området byta hender fleire gongar i samband med krigar, og området kom under fransk dominans på 1500-talet og vart ein del av Frankrike i 1680-åra. Frankrike vart tvunge til å gjev frå seg Saarland i 1697, men frå 1793 til 1815 var området igjen fransk.

Etter 1815 vart store delar av området ein del av provinsen Rheinland i Preussen, og på 1800-talet vart kol- og jernressursane i området utvikla. Den franske hæren okkuperte derimot områda mellom 2. og 4. august 1870 i den fransk-prøyssiske krigen.

Etter Versaillestraktaten i 1919 vart Saarland igjen fransk eigedom i ein periode på 15 år som kompensasjon for tyskarane si øydelegging av franske gruver under den første verdskrigen. Traktaten sa òg at det skule haldast ein folkeavstemming på slutten av 15-årsperioden for å avgjere om Saarland skulle verte fransk eller tysk og i 1935 stemte meir enn 90% på ei gjenforeining med Tyskland.

Området vart kraftig bomba under den andre verdskrigen og vart ein del av den franske okkupasjonssona i 1945, og i 1946 vart området ein separat sone. På slutten av 1940-åra og tidleg i 1950-åra prøvde franskmennene å gjere Saarland til ein eigen stat. I 1955 kravde området å verte ein del av Tyskland, og 1. januar 1957 vart det ein delstat i Vest-Tyskland.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Saarbrücken