Den afghanske borgarkrigen (1992-1996)

Den afghanske borgarkrigen i perioden 1992-1996 var, ulikt i den fyrste perioden, ein krig mellom mange forskjellige islamistiske grupper.

Den afghanske borgarkrigen (1992-1996)
Del av Den afghanske borgarkrigen

Kabul under borgarkrigen
Dato 30. april 1992-27. september 1996
Stad  Afghanistan
Krigsårsak For Taliban, Hezb-e-Islami og Al-Qaida: Den islamske loven i Afghanistan var ikkje streng nok

For Junbish-i-Milli: Abdul Rashid Dostum, som hadde forrådt den demokratiske regjeringa i Afghanistan i 1992, hadde igjen skifta side, og ville styrte den islamistiske mujahedin-regjeringa.

Resultat Siger til Taliban
Partar
Part 1:
Part 2:

Støtta av:
Flagget til Pakistan Pakistan (til 1994)

Støtta av:
Flagget til Iran Iran

Støtta av:
Flagget til Usbekistan Usbekistan

Part 3:
Kommandantar
     
Styrkar
Ukjent Ukjent Ukjent
Tap
Ukjent Ukjent Ukjent

Han starta etter at den sosialistiske presidenten Mohammed Najibullah vart styrta av islamistiske terroristar i 1992, etter nærmare 14 år med brutal krigføring mellom kommunistar og radikale islamistar. Dei erklærte at Afghanistan var ein islamsk stat. Den nye regjeringa innførte islamsk lov. Men mange av islamistane meinte at dei ikkje var strenge nok, og fortsette å kjempe mot den nye regjeringa. Abdul Rashid Dostum, som opphavleg var ein av dei mektigaste generalane til den kommunistiske regjeringa til Najibullah, slutta seg til opprørarane i 1992, og sviket til den svært viktige generalen betydde mykje for ADFP og Najibullah sitt fall. Han vart alliert med den nye, mildt islamistiske, kuppregjeringa, kjend som Den islamske staten Afghanistan, fram til 1992, då han og gruppa hans, Junbish-i-Milli, igjen bytta side, og bestemte seg for å styrte den nye islamistiske regjeringa. Dei fekk støtte frå Usbekistan, Russland og nokre andre land. Det var allereie borgarkrig mellom regjeringa (den islamske staten) og svært ekstreme islamistar som meinte at den nye regjeringa ikkje følgde reell islamsk lov.