Den amanske porten

Den amanske porten (latinsk Amani Portae) eller Bahçepasset (tyrkisk Bahçe Geçidi) er ein fjellovergang i provinsen Osmaniye sør i det sentrale Tyrkia. Overgangen kryssar dei nordlege Amanusfjella mellom Cilicia og det sørlege Anatolia og det nordlege Syria. Det er ein av to fjellovergangar over Amanusfjella i lag med Den syriske porten lenger sør. Den amanske porten vart nemnd i antikken i Nabonidus-krønika.[1]

Den amanske porten
Bahçepasset
fjellovergang
Land  Tyrkia
Provins provinsen Osmaniye
Fjellkjede Amanusfjella
Koordinatar 37°11′2″N 36°33′23″E / 37.18389°N 36.55639°E / 37.18389; 36.55639
Gjennomfartsåre O52, E90
Kart
Den amanske porten
37°11′02″N 36°33′23″E / 37.18388889°N 36.55638889°E / 37.18388889; 36.55638889

Passet spelte ei viktig rolle fram mot slaget ved Issus. Etter at ein del av armeen til Aleksander den store okkuperte Den syriske porten, valde Darius III av Persia å føre armeen sin gjennom Den amanske porten og sette armeen sin mellom dei to makedonske armeane ved byen Issus.[2] Dei makedonske styrkane slo seg saman før dei gjekk til åtak mot Darius, og utfallet vart tap for persarane.

Kjelder endre

  1. «Amanus Mountains». livius.org. Henta 7. august 2012. 
  2. «The Slaget ved Issus». livius.org. Henta 7. august 2012.