Den amerikanske sjølvstenderesolusjonen

Den amerikanske sjølvstenderesolusjonen, gjerne kalla Lee-resolusjonen, er eit vedtak som vart fatta av den andre amerikanske kontinentalkongressen etter eit framlegg gjort av Richard Henry Lee frå Virginia. Teksten i resolusjonen vart grunnlag for utforminga av Den amerikanske sjølvstendeerklæringa av 4. juli 1776. Resolusjonen kravde lausriving frå det britiske imperiet, og vart første gong lagt fram for kongressen 7. juni 1776. Teksten vart seinare innarbeidd i den fulle sjølvstendeerklæringa.

Den amerikanske sjølvstenderesolusjonen.
Richard Henry Lee la fram resolusjonen 7. juni 1776.


Bakgrunn endre

Krava om sjølvstende for dei amerikanske koloniane vart gradvis styrkte etter at den amerikanske sjølvstendekrigen braut ut i 1775. I kontinentalkongressen vart krava målbore først og fremst av John Adams og Samuel Adams, båe frå Massachusetts, og Richard Henry Lee frå Virginia. Krava om sjølvstende vart og styrkt etter at Thomas Paine kom med skriftet Common Sense på vinteren 1776.

Virginiakonvensjonen møttest i mai 1776, og den første resolusjonsteksten vart lagt fram og vedteke her 15. mai. Lee la fram resolusjonen på vegner av Virginia i kongressen 7. juni.

Teksten endre

Resolusjonen let slik:

Resolved, That these United Colonies are, and of right ought to be, free and independent States, that they are absolved from all allegiance to the British Crown, and that all political connection between them and the State of Great Britain is, and ought to be, totally dissolved.

That it is expedient forthwith to take the most effectual measures for forming foreign Alliances.

That a plan of confederation be prepared and transmitted to the respective Colonies for their consideration and approbation.

Det er vedteke at desse sameinde koloniane er, og rettvist er meint å vera, frie og sjølvstendige statar, at dei er løyste frå alle truskapsband til den britiske krona, og at alt politisk samband mellom dei og staten Storbritannia er, og rettvist burde vera, heilt brote.

At dette er gjort for å kunne gjera effektive tiltak i å danne samband med andre makter.

At det vert utarbeidd eit grunnlag for føderasjon, som skal sendast til dei gjeldande koloniane til overveging og godkjenning.


Det kjem fram av denne teksten at vedtaket er kome i stand for å gjera det mogleg å hente militær og økonomisk hjelp frå andre makter enn Storbritannia, til dømes Frankrike, som ikkje ville ha blanda seg i ei innanrikspolitisk sak.

Resolusjonsforslaget vart stødd av John Adams, mellom andre. Kongressen var i det store og heile ikkje budde på å stø opp under lausrivingstanken enno, av di mange delegatar frå ei rekkje koloniar ikkje hadde røysta over forslaget i sine eigne forsamlingar. Avrøystinga vart difor oppsett i tre veker, medan dei som tala for sjølvstende arbeidde for å få dei ulike delegatane over på si side. I mellomtida vart det sett ned ein komité på fem mann for å forfatte ei lengre fråsegn, bygd på resolusjonen, slik at ei formell erklæring låg framme til røysting når tida var mogen. På dette tidspunktet skjøna alle at full lausriving var einaste løysing for koloniane. Den lengre fråsegna vart for det meste skriven av Thomas Jefferson og lagt fram for kongressen 28. juni 1776.

Avrøysting endre

Den lengre fråsegna låg på vent medan delegatane drøfta sjølve resolusjonen i endå nokre dagar. 2. juli vart resolusjonen vedteke av 12 av dei 13 koloniane. New York avstod frå røysting av di staten ikkje hadde fått bod frå si eiga forsamling denne dagen. Dei slutta seg til veka etter.

Etter å ha røysta over resolusjonen, gjekk kongressen gjennom erklæringa, og gjorde nokre brigde i den opphavlege teksten før delegatane godkjende teksten 4. juli 1776.

Dagen før skreiv John Adams til kona si, Abigail Adams at den andre dagen i juli skulle haldast i minne med stor høgtid i alle år sidan. Det vart til at den store dagen som vart mint, blei den fjerde, dagen for godkjenning av den endelege fråsegna.